Spørsmål og svar

Bør eg halde meg heime om eg har spydd, sjølv om det ikkje er smittsomt?

Gutt, 16

Burde eg holde meg hjemme viss eg har spydd og hat diaré og vondt i magen hele natta, sjølv om at det ikke er omgangssjuke

Svar

Hei!

Ein veldig god regel er å halde seg heime i minst 24 timer etter sist gong ein hadde diare eller oppkast. Dette er fordi dersom dette kjem av omgangssjuka, er det veldig smittsomt.

Du spør om ein må halde seg heime dersom dette IKKJE er omgangssjuka. Her kjem det veldig an på.

Dersom ein til dømes har ein kjent mage- eller tarmsjukdom, som laktoseintoleranse, M. Crohns eller liknande, og veit heilt sikkert at ein får oppkast eller diare utan å vere smitta, så kan ein nok gå på skulen. (Då må ein vere heilt sikker på detførst!)

Men viss ein ikkje har noko anna diagnose, og ein ikkje har noko anna, god forklaring på kvifor ein spyr eller har diare, bør ein eigentleg ikkje gå på skule då heller.

Ein må altså vere HEILT sikker på at ein ikkje har omgangssjuka, før ein går på skulen etter oppkast og diare. Det kan jo til dømes vere at ein er den første i familien eller i vennegjengen/klassa som har omgangssjuka. Så det at der ikkje er andre rundt som har det (enno), er heller ikke "bevis" for at det ikkje er omgangssjuka.

Så mitt råd er å legge inn ein dag vekke frå skulen, for sikkerheit skuld, etter oppkast og diare. Det er veldig dumt om ein tek feil, og så smittar mange. Dei fleste er friske nok til å takle omgangssjuka, men somme (småbarn, gamle og kronisk sjuke) kan bli skikkeleg dårlege om dei blir smitta.

Ein kan også kontakte/ringe legevakt eller fastlegen for å spørje kva ein skal gjere og kva det truleg kjem av.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 5.3.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål