Ein gutt liker meg ikkje fordi eg er ei hestejente. Bør eg slutte med hest?
Jente, 14
Hei eg er ei jente på 14 som har opplevd at ein gutt ikkje liker meg fordi eg er ei " hestejente" . Han seier at hestejenter ikkje er verdt like mykje som vanlige jenter. Stemmer det. Er det slik at eg skal slutte med hest som er det som gjør meg aller mest glad i verden. Og er det slik at gutter finner ingen interesse for hestejenter?
Svar
Hei
Så dumt sagt av guten! Det han påstår stemmer ikkje i det heile tatt. Hestejenter er absolutt verdt like mykje som andre jenter. Alle er like mykje verdt, uansett kva dei driver med eller kven dei er.
At han seier hestejenter ikkje er verdt like mykje som andre jenter, seier ikkje noko om deg- Det seier noko om han.
Det er kjempekult at du driver med hest! Det er eg sikker på at dei aller fleste synast. Og dei som ikkje synast det, skal du ikkje bry deg om.
Det er ikkje slik at gutar ikkje liker hestejenter, selv om denne eine guten tydeligvis ikkje gjer det. Han er kun ein av veldig mange gutar, husk det. Dei aller fleste synast det er kjempefint når nokon gjer noko dei elskar og blir glad av, uansett kva det er.
Eg håper ikkje du sluttar med hest på grunn av det han seier. Ikkje la nokon få deg til å slutte med det som gjer deg aller mest glad i verden, uansett kva. Gjer det du elskar, og ver stolt av å drive med hest - Det er kjempekult!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 19.6.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

