Spørsmål og svar

Kvifor får en ikkje diagnosa pcos før eg blir 20?

Jente, 15

Hei. Eg har hatt store problemer med mensen heilt siden eg fekk han. Eg var hos gynekolog for nokre dagar sidan og fekk beskjeden om at det var klare tegn på at det var PCOS, MEN at eg var for ung til å få sjølve diagnosen og måtte vente til at eg i alle fall var i 20-åra. Eg vart litt overraska når eg fekk beskjeden og skjønner heller ikkje heilt kvifor eg ikkje berre kunne få diagnosen med ein gang vist det var heilt openbart PCOS. Veit dokke kvifor eg ikkje fekk diagnosen med ein gong? Og kva er det som forandrer seg når eg blir 20+ slik at eg då kan få diagnosen?

Svar

Hei!

Det stemmer at ein helst ikkje gir diagnosa pcos i tenåra. Grunnen til dette er at det er veldig vanleg at unge jenter uansett har dei symptoma ein kan få ved pcos: - økt akne/kviser, uregelmessig mens, mange cyster på eggstokkane. Hos mange forsvinn desse symptoma når kvinna kjem i 20-åra (etter puberteten). Difor ventar ein helst med diagnosa.

Så det som endrar seg, er vel at når tida går, blir ein sikrare på at symptoma dine ikkje "berre" kjem av kjønnsmogning /pubertet, men at det faktisk er pcos som gjer det.

Men her kan det så klart vere forhold hos akkurat deg som gjer dette annleis - eg kan ikkje seie noko sikkert om helsa din når eg ikkje har undersøkt deg sjølv.

Du har no vore hos gynekolog. Du kan godt kontakte gynekologen eller fastlegen din om noko framleis er uklart - dei skal kunne svare på korleis dette er for akkurat deg. Du kan også spørre fastlegen om det er aktuelt med noko behandling for plagane dine med mensen.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 3.6.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål