Har det veldig dårlig, har kutta meg, sosial angst/angstanfall. Kva gjer eg
Jente, 14
Hei, eg har det veldig dårlig..eg har hatt det veldig kipt lenge! Sida 5 klasse har eg kutta meg, går no i 8. Har kutta både på høgre og venstre arma og lår. For litt sida gjorde eg det på leggen..veit ikkje om det er farlig eller ikkje (er dette noke dokke kan svare på?), men er redd for at eg skal gjere det på den andre leggen også..er rett og slett redd for at eg skal gjere meg sjølv noko verre enn kutting. Eg vil ofte berre vekk fra verda pga mykje som skjer! Eg er i kontakt me barnevernet og har vert det i ca 1 mnd og eg orker ikkje meir!! Mange sei «snakk me noken» eller noko liknende, men eg har folk å snakke me. Føler ikkje det å snakke me noken hjelper. Eg har depresjon og sosial angst og ditte ødelegger for skulen..klarer jo ikkje å gjer noke! Fks av mange prøver/tester osv! Er så leid av å leve! Noken daga så kan eg bare på eit angstanfall heilt ut av det blå også noken daga har eg det så dritt at eg holder på å gå på veggen! Kva skal eg gjere?! Er så leid! Takk på forhånd❤️
Svar
Hei, jente på 14 år!
Fint at du skriv til oss i ung.no for å fortelle korleis du har det no når du kjenner at du har det tungt. Det høyres ut som du har mykje å tenke på og at dette gjer deg sliten.
Du forteller om sjølvskading og lurer på om det er farleg. Om det blir fysisk farleg kjem litt an på kor djupt og kor mykje ein skader seg. Nokon kan få arr som dei angrar på og andre kan få betennelse. Sjølvsagt er det også farleg dersom ein skulle miste mykje blod. Men det som eg kanskje et som eg er meir bekymra for er kva dette gjer med deg psykisk. Det å sjå seg sjølv behandle seg sjølv "dårleg" i form av å kutte seg mykje har ofte ein negativ effekt på korleis ein har det. Både pga. at sjølvskading ikkje fungerer på lang sikt (det tar ikkje vekk dei eigentlege problema) og fordi ein heile tida blir eksponert for at ein ikkje behandler seg sjølv bra. Tenk berre over korleis det hadde vore om du skada andre som du skader seg sjølv.
For mange så handlar det å skade seg om at ein forsøker å handtere vanskelige følelsar eller tankar. Mange kan rapportere om at dei opplever at fokuset flytter seg litt eller at smerten blir annleis. Dette hjelper som sagt kanskje på kort sikt men ikkje på lang sikt. Det som hjelper på lang sikt er å få satt ord på det ein kjenner er smertefullt og å øve seg på å "stå i" følelsane. Dette betyr med andre ut at ein holder ut følelsane. Det er viktig å huske på at ingen følelsar eller tankar varer evig og vil ikkje ha den same intensiteten heile tida. Følelsar svinger i intensitet og vil som sagt ikkje vare evig. Dersom ein øver seg på å holde ut følelsar (uten å skade seg) vil ein kjenne at følelsane legg seg/endrar seg uten at ein skader seg.
Tips til andre måter å holde ut vanskelige tankar og følelsar på:
-Ta ein varm eller kald dusj
-Flytte seg fra rommet ein er i
-Ringe ein venn eller familiemeldem, eventuelt snakke med nokon i heimen eller sende melding
-Gå ut på tur, eventuelt joggetur
-Sette på høg, kjekk musikk
-Sette på eit fint klipp/noe underholdande på Youtube, Netflix osv
-Sette i gang med ein hobby: matlaging, teikning, boklesing, strikking (samme kva)
Du forteller at du ikkje synes at det hjelper å snakke med nokon. Det å snakke med nokon kan kjennast utrygt og tungt. Ved å måtte åpne seg må ein også kjenne på sårbare følelsar og kanskje sette ord på ting som ein helst prøver å unngå/overse. Dette er heilt klart krevande men det er også slik at det er stor sannsynlighet for at dette er lurare enn å gå rundt med alt det tunge sjølv. Det blir som regel lettare etterkvart når ein åpner seg og det er også på denne måten ein kan få andre perspektiv, råd, støtte, innspel og hjelp. Så eg råder deg til å forsøke å snakke med nokon du stoler på av voksne og gjerne med barnevernet sjølv om denne kontakten er relativt ny for deg no. Kanskje blir dette ein tryggare relasjon etterkvart slik at du lettare kan åpne deg.
Dersom du har sosial angst og depresjon finnast det mykje god hjelp for dette. Det går an å få hjelp for både sosial angst og angstanfall (som du forteller om) ved BUP og det går også an å få henvisning til t.d. spissa/intensiv behandling ved ein 4dagers-klinikk (dette kan du spørre lege eller psykolog om). Det er gjerne slik at dersom ein har mykje tankar om å ikkje ville leve og har det vanskelig og er deprimert så kan det hende at dette må bli tatt tak i først. Dersom du vil lære litt meir om sosial angst-behandling kan du se på dette sjølvhjelpsprogrammet.
Det viktigaste er at du veit at det er mulig å få hjelp - OG at du ikkje skal trenge ha det slik som du har det no for alltid! Så hold ut og forsøk å åpne deg for dei som ønsker å hjelpe deg.
Ønsker deg alt godt og heier på deg!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 27.5.2020
Oppdatert: 27.5.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



