Tenker mykje på døden, mord og selvmord. Men er mest fascinert av det
Gutt, 13
Eg er en 13 år gammel gutt og eg har problemer med tanker som eg ikkje tror er vanlege for gutter på 13 år. Eg tenker mykje på døden. Eg tenker både på selvmord og eg tenker på mord. Eg trur aldri eg blir å gjere nokon av delane men eg synest det er fascinerende. Eg har funnet steder på nettet der eg har sett andre drepe og torturere og eg har likt å se på det. Eg driver og med litt selvskading, men det er fordi eg synes det er fascinerende og det er ikkje et selvmordsforsøk. Det er igjen ikkje stort meire enn tankar og eg trur ikkje det kjem til å bli mer enn det. Eg vet ikkje kva eg skal gjere eller om eg treng hjelp. Kva skal eg gjere?
Svar
Hei, gutt på 13 år!
Det er fint at du ber om hjelp når du er litt usikker på det som du held på med og kva du bør gjere vidare.
Du har heilt rett når du skiller mellom tankar og handlingar. Dette er to heilt forskjellige ting. Det å tenke på drap og sjølvmord kan vere vondt og slitsomt dersom ein har det tungt men det høyres ut som om du gjer det mest fordi du er inne i ein periode no der du tenker at dette er "fascinerande". Det å tenke på døden og drap er ikkje farleg og er ikkje det samme som handlingar.
Eg tenker likevel at det er nok ikkje så lurt å gå altfor mykje rundt aleine å tenke på død, mord og sjølvmord dersom dette går utover din daglege fungering. Det er alltid viktig å ha gode relasjonar rundt seg der ein er saman med venner og familie. Dersom du bruker mesteparten av tida di til å sjå på videoar av tortur m.m. så kan nok dette vere uheldig på sikt.
Når det gjeld sjølvskadingen du held på med så er det veldig lurt om du klarer å slutte med dette. Det høyres ut som om du per no ikkje har gjort så alvorlig sjølvskading. Dette er noko som likevel kan komme inn i eit uheldig spor. Litt som at ein starter med noe i det små og så kan ein tenke at "litt meir kan vel ikkje skade" og så er du plutselig litt inne i ein meir alvorlig form for sjølvskadingsproblematikk. Råder deg til å forsøke å la vere dette dersom det lar seg gjere.
Det at du tok kontakt med ung.no seier meg noko om at du lurer på og er kanskje litt urolig for om det du held på med er bra for deg. Eg tenker at det hadde vore lurt å få snakka med nokon direkte om dette. Det treng ikkje vere nokon heime dersom det blir for vanskelig. Du kan snakke med helsesjukepleiar på skulen din for å få råd og støtte til vegen vidare. Der kan du fortelle om dine bekymringar og korleis du har det. Der kan du snakke med vedkommande om at du har lurt på om du treng hjelp. Så kan du få råd og få snakka ut om korleis du har det.
Eg ønsker deg alt godt og håper at dette var til hjelp for deg.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 17.2.2021
Oppdatert: 17.2.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

