Ungdomslivet er dritt. Har skulevegring. Har jobbspesialist. Vurderer FHS.
Jente, 17
Føler ungdomslivet er dritt!Har ingen venner.Slitt med skulevegering gjennom heile ungdomsskulen(har STORE faglige hull)og droppa ut av TIP vg1.Har kontakta OT men dei tilbyr bare hjelp til å få jobb.Har begynt med jobbspesialist(er egentlig ikkje gammel nok,må være fylt 18,er 04-er)men vurdere å slutte med jobbspesialist(føles bare feil og masse meir styr enn eg trudde).Føler ungdommer i dag er store egoistiske folk.Jenter baksnakker(veit det ikkje gjeld alle),stirrer ned i mobilen 24/7 og er stort sett på sosiale medier,mens gutter er tøffe(meir idiotar spør du meg)drikker øl,røyker og skulle tru dei var 20+(gjeld jentene og).Vurderer folkehøgskule men er bare redd for å ende opp aleine slik som på ungdomsskulen og VGs.Trenger aleinetid og er redd for å havne utenfor om eg velge enerom på folkehøgskule.Har ingen fritidsaktiviteter/organisasjoner som eg like her eg bur(bur i ein LITEN by).Mamma veit alt dette her.Har INGEN tidligare venner/klassekamerater som eg kan ta kontakt med.
Svar
Hei, jente på 17 år!
Det høyres ikkje ut som du har det så godt. Det er tøffe tak og du kjenner deg utafor og lei deg slik som du har det no.
Det er klart at det er tungt å ramle ut av skulen og samtidig ikkje føle at det blir rett med tilbudet som OT tilbyr heller. Det er lett for å tenke at ting ikkje skal ordne seg då sjølv om det mest sannsynlig kjem til å gå heilt fint til slutt. Det er ikkje så lett å sjå moglegheiter når ein har det veldig tungt.
Du har vurdert å gå på folkehøgskule/FHS og det er kanskje ikkje så dumt. Det som kan vere lurt er å snakke med ein rådgivar f.eks på skulen der du gjekk før (TIP) for å snakke litt om situasjonen din.
Eg tenker at det vil ikkje vere slik at du automatisk havner utenfor dersom du har einerom på FHS. FHS er for mange ein veldig god idé der ein kan gå på ein skule der det handlar om samhald og utvikling av seg sjølv som person heller enn prestasjonar, prøver og eksamen. Det er vanleg å vere redd for å ikkje finne nokon å henge med men samtidig så er det også slik at dei færraste som starter kjenner andre der fra før slik at alle er i samme båt og dermed både ønsker og trenger nye venner. Sjølv om du har einerom så vil du vere del av ein klasse som gjer mykje kjekt sammen.
Eg støtter deg i å vurdere dette med FHS seriøst ettersom du kjenner at du ønsker/trenger avbrekk frå situasjonen din slik den er no. Det er godt å gjere noko heilt anna. Les meir om dette her. Det er lurt om du snakker med mamma om dette (sidan ho veit korleis du har det frå før) og også kanskje snakker med ein rådgiver for råd og innspel om vegen vidare.
Ønsker deg masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 20.5.2021
Oppdatert: 20.5.2021
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål