Er redd for å bli mislykka i livet med økonomi/jobb. Har ikkje klart vgs
Jente, 17
Hei.Redd for å bli mislykka i livet.Har droppet ut av TIP vg1 etter å ha slitt med skulevegring(som blei borte på begynnelsen av VGs)gjennom heile ungdomsskulen.Når eg leser på nyheter syns eg det bare står om at elever som ikkje fullføre VGs får mindre lønn/sliter økonomisk,havner utenfor arbeidslivet,blir uføre osv.Syns også at både dåkke i ung.no og voksne rundt meg får det til å høres ut som at fullføre ikkje du VGs,er du mislykka og kjem til å slite økonomisk i tillegg.Har ingen venner.Har ingen tidligare venner/klassekamerater som eg kan ta kontakt med.Har ingen fritidsaktiviteter/organisasjoner som eg liker her eg bur(bur i ein liten by).Mamma veit alt dette.Ho seie eg komme til å klare meg i livet, men eg er redd for at et ikkje gjør det! Pga av at eg har slitt med skulevegring gjennom heile ungdomsskulen har eg STORE faglige hull i alt(spesielt matte).Veit så vidt kva økonomiske ord betyr som f.eks. rente,moms,avslag,inkasso, lån,egenkapital osv. Hilsen fortvilet jente.
Svar
Hei, jente på 17 år!
Så flott at du skriv inn til oss når du ikkje har det så greit. Det høyres ut som du bekymrer deg mykje for framtida og at det handler i stor grad om tema som har med utdanning, skule, økonomi og jobb å gjere.
Det er klart at det er lurt å ta vgs dersom ein klarer det. Det betyr ikkje at det er krise dersom ein ikkje orker/klarer det. Vi er alle forskjellige og nokon er gode med mennesker, nokon til kreative ting, nokon er gode sportsleg og andre er gode fagleg. Alle er forskjellige.
Så bra at du og mamma snakker om korleis du har det. Ho seier at du kjem til å klare deg og det er eg heilt enig i. Det er mange måter å leve eit godt liv på.
Det er fullt mogleg å få seg jobb og klare seg fint økonomisk uten å ha fullført vgs. Kanskje er det også slik at du ønsker/klarer å fullføre vgs på eit anna tidspunkt. Nokon gonger trenger ein berre ein pause fordi alt hoper seg opp. Nokon trenger å ta pause får skule for å jobbe litt medan andre velger for eksempel å gå på folkehøgskule for å få nye inntrykk og vennskap. På folkehøgskule er det fokus på gode opplevelsar heller enn på fag.
Det lureste er nok å snakke med ein rådgivar knytta til vgs der du bur. Det er ikkje uvanleg å ha vanskar med å fullføre skule og å trenge råd til kva ein skal gjere vidare. Då kan de sammen se på ulike alternativer for kva som er lurt i akkurat din situasjon.
Ønsker deg masse lykke til
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 24.5.2021
Oppdatert: 24.5.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

