Ting blir berre verre og verre, kan eg få nokon gode råd til livet?
Jente, 14
Hei, eg e ganske demotivert til livet og ting blir bere vere og verre. Mamma og pappa krangle, slite pga stress og press på skulen, ingen av vennane meine e so greie og til å stola på lenger og han eg likte og hadde ei greie med vile ikkje ha meg alikevel. Så ja live e ganske dritt e ofta uvell og deprimert nesten har ikkje lyst til noko hvertfal ikkje på skulen, e egentlig ganske flink men alt e bale og har ikkje gode venna og vera med lengre. Av og til vil eg ikkje leva meir og har mest lyst til å bere dø, mens andre vil eg ha ein ny start og ja masse sånt. Ka ska eg gjera? Vil ikkje bekymra mammo og pappen med da for dei har nok problem og da e liksom ikkje sånt me snakka om her. Vil ikkje snakka med nokon om da egentlig men ka ska eg gjera? Har litt kjærlighetssorg oppå alt. Nokon gode råd til livet?
Svar
Hei, jente på 14 år!
Flott at du skriv til ung.no når du har det vanskelig. Det høyres ut som om det er fleire ting som er tungt på ein gong og då kan det blir lett for å kjenne seg nedstemt og utan energi.
Det at du ønsker råd om livet tenker eg er ein god ting - då tolkar eg det som at du ønsker du å få det betre. Samtidig så er det ikkje så lett å gi konkrete råd om livet. Det viktigaste er at du finn ut nokon aktivitetar som ikkje blir altfor overveldande for deg no som du kan klare å gjennomføre.
Generelle råd kan du få her hos meg, men det er lurt å snakke med nokon direkte for å få betre råd som er retta akkurat mot deg og din situasjon. Når det gjeld generelt så er det lurt å forsøke å finne ein god balanse i kvardagen der ein balanserer fri med skule, får nok søvn og held seg i fysisk aktivitet. Det er mykje betre å komme seg ut på ein liten tur kvar dag enn å ikkje komme seg ut i det heile. Det er viktig å få i seg mange nok måltider og helst fem stk per dag - ikkje la det gå for lang tid utan mat. Dette påvirkar blodsukkeret positivt slik at ein ikkje blir unødvendig sliten og lei seg.
Det er positivt at du veit sjølv at du eigentleg er ganske god på skulen. Dette er ein kjemperessurs å ha med seg. Dersom du klarer å komme litt meir på gode spor med rutinane dine kan det vere lettare å komme på rett spor med skulearbeidet også. Sjølv om det ikkje fristar med skule no så kan du forsøke å snu dette litt. Du kan forsøke å fokusere litt meir på skulearbeidet for å ha dette som eit "prosjekt" no, slik kan dette kanskje også hjelpe deg å fokusere litt vekk frå det som er vanskelig i kvardagen som kjærleikssorg, krangel og venneproblem. Eg tenker at alt dette er ting som kan ordne seg etterkvart og som vil gå over. Ingen følelsar, kranglar eller vonde tankar varer evig. Men det å konsentrere seg om skulen og bygge litt mestring på den plattformen tenker eg er noko som du aldri kjem til å angre på at du gjer. Dersom du kjenner at presset og stresset blir overveldande så er det lurt å snakke med kontaktlærar/rådgivar på skulen for å spørre om råd og eventuell tilrettelegging.
Når det gjeld kjærleikssorg så er dette veldig tungt og dessverre er det noko dei aller fleste må gjennom i livet. Det beste er å få spurt personen som ein er/var glad i om å få svar på spørsmåla ein har slik at ein slepp å gruble så mykje på kva som skjedde i ettertid. Det kan vere lettare å legge eit brudd bak seg om ein har fått snakka ut om det som har skjedd. Så kan det vere lurt å hjelpe seg sjølv med å komme over personen ved å til dømes ikkje kontakte han/henne, gjerne "gjømme"/slette dei frå sosiale medier for ein periode dersom det trengs.
Du seier at du ikkje ønsker å snakke med nokon men skriv ikkje kvifor du ikkje ønsker dette. Eg tenker at det kan vere veldig lurt å snakke med nokon i situasjonar der alt blir vanskeleg på ein gong. Til dømes kan du snakke med helsesjukepleiar (tidlegare "helsesøster") på skulen din. Helsesjukepleiar er vant til å snakke med ungdom om alt som er vanskeleg og vil kunne komme med konkrete råd for akkurat deg og din situasjon. Samtidig så er det eit supert tilbud fordi ein ikkje får fravær frå skulen. Eit anna alternativ for å snakke med nokon er Helsestasjon for ungdom. Her er det gratis å gå.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 29.1.2019
Oppdatert: 29.1.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål