Spørsmål og svar

Har ein ven eg er bekymra for som sjølvskader seg, kva bør eg gjere?

Jente, 13

Hei. Eg har ein venn som driver med selvskading. eg veit ikke hvor lenge han har holdt på med selvskading, men eg veit at han ikke har det noe bra. Eg veit ikke kva som plager han, men eg har lyst til å hjelpe han. Han sier at han ikke vil ha hjelp av noen og eg føler meg hjelpelaus fordi eg har så lyst å hjelpe han, men eg veit ikke kordan? Eg er skikkelig Bekymra for han, men eg veit ikke ka eg ska gjøre. Eg er redd for at han skal ta selvmord, for han har sagt at han har lyst til å dø. Ka bør eg gjøre?

Svar

Hei, jente på 13 år!

Så flott at du tar kontakt med ung.no no når du er bekymra for venen din. Det er ikkje lett å stå på sidelinja å sjå på at nokon ein er glad i har det vanskelig og mest sannsynleg treng hjelp utan å ynskje å ta imot hjelp. Han er heldig som har ein ven som deg!

Det er fyrst og fremst viktig at du veit at hans psykiske helse ikkje er ditt ansvar. Du kan ikkje tvinge han til å søke hjelp og dersom han ikkje ønsker dette så har du eigentleg gjort det du kan ved å foreslå det. Du kan forsøke å vere svært ærleg med han å seie til han at du er bekymra for han, du bryr deg om han, men du kan ikkje stå på sidelinja å vite at han ikkje ynskjer å leve utan at han sjølv tar tak i det. Sei ifrå om at denne informasjonen gjer deg utrygg og at du ber han søke hjelp. Eg forstår godt at du er bekymra for han, men du kan som sagt ikkje ta på deg ansvaret for at han skal få det bra. Dette treng du og han hjelp til av nokon voksne. 

Eg tenker at det dersom han ikkje sjølv søker hjelp så er det lurast om du går til helsesjukepleiar (tidlegare "helsesøster") på skulen for å fortelle at du har ein ven du er bekymra for. Fortel også at dette er vanskelig for deg å sitte med aleine og at du treng at nokon voksne hjelper. Spør om råd frå denne personen om kva som bør gjerast vidare. Det er også mogleg å snakke rett med ein lærar. Du kan fortelle at du er bekymra for venen din og fortel kven det gjeld. Læraren kan kanskje gå direkte til han det gjeld for å snakke med han om korleis han har det utan å nevne deg dersom du ikkje vil at læraren skal det. 

Dersom venen din har det svært vanskelig så kan det vere vanskelig å sjølv forstå at ein treng hjelp. Kanskje er han engstelig for å snakke med nokon om korleis han har det, men det er veldig ofte slik at når ein fyrst kjem i gang med dette så blir det lettare etterkvart. Kanskje vil han takke i deg i ettertid for at du oppfordra han til å søke hjelp. Men hugs at du kan ikkje gjere meir enn det - han må ville det sjølv.

Du kan skrive til ung.no når som helst igjen dersom du treng det. Ynskjer både deg og venen din masse lykke til! 

 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 15.1.2019

Oppdatert: 15.1.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål