Eg har lyst på sex med jentene i klasse, men veit ikkje kva eg skal gjere?
Gutt, 13
Eg har lyst å ha sex med jentene i klassen og venninnene mine er hotte. Men veit ikkje om noken andre er klare for det og eg tør ikkje å sei det. Eg runkar ofte og veit ikkje kva eg skal gjer.
Svar
Hei!
Når ein er 13, er ein midt i den kanskje aller mest krevande perioden av livet; puberteten. Dette er då kroppen endrar seg aller mest, både på inn- og utsida. Nokon skildrer det som at kroppen koker av kåtskap og kan kjenne seg kåt kvar- og når som helst.
Dei aller fleste har det slik når ein er i puberteten. Dei aller fleste løyser dette med å onanere og finner ut kva for teknikker som fungerer og gir dei beste opplevingane. Ein kan bruke heile kroppen og finner stader som er svært gode å ta på i tillegg til penis og testiklar.
Sjølv om dei aller fleste har det slik du skriv om i spørsmålet ditt, er det likevel ikkje slik at alle kjenner seg klar for å ha sex med andre enn seg sjølv. Folk er ulike og vert modne nok til å ha sex på ulikt tidspunkt. Av den grunn, har vi lover som seier når ein har kan sex med andre enn seg sjølv.
Ei av lovene sier til dømes at alle former for sex med ein person under 14 er det same som valdtekt, sjølv om ein vil og liker det som skjer. Ei anna lov seier at ein ikkje kan ha sex med andre enn seg sjølv før ein har fylt 16 år.
Desse lovene kan verke strenge og urimelege, men - dei finnes for å hjelpe dei som ikkje vert like modne og klare for sex som det andre er.
Løysinga for deg, vert difor å utforske og verte kjend med kroppen din, slik at du kan finne måter å gjere det godt for deg utan å ha sex med ein annan.
Les gjerne vedlagde artikler for meir informasjon.
Håper svaret var til hjelp for deg.
Hilsen sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 20.12.2020
Oppdatert: 20.12.2020
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
