Er redd for at kjærasten min skal synest at eg er for tung.
Jente, 13
Eg og kjærasten min har vore ilag i snart 1år og me har allerede klina og kyssa og sånne ting (aldri hatt sex). Når me koser altså ligg i skje eller i armkroken til kvarandre, pleier han av og til å ligge oppå meg. Eg har lyst til og ligge oppå han og, men eg er redd for at han skal synest at eg er for tung. Han har spurt mange gonga om eg ska legga meg oppå han, og eg synest at det er vanskelig å sei nei til han fordi eg elske han so mykje og eg er so redd for å mista han. Eg trur han veit korfor eg ikkje vil ligga oppå han og det plager meg at eg ikkje tør det. Har dekan nokon tips til korleis eg ska tørra da?
Svar
Hei!
Det er heilt greit om du synest det er vanskeleg å liggje oppå kjærasten din. Husk at han er glad i deg for den du er, og om du ikkje får til å liggje oppå han, fordi du er redd for at han skal synest du er for tung, vil han nok ikkje tenkje at det betyr du ikkje er glad i han.
Det kan vere lurt å vere ærleg med kjærasten din om kva som hindrar deg. Då er eg sikker på at han vil forstå❤
Du kan fortelje han at du har lyst til å liggje oppå han, men at du treng å ta det i ditt tempo. Det kan få deg til å senke skuldrene dine at han veit kva som hindrar deg. Da blir det nok også lettare å få til. Men husk også at kosing skal vere ein fin ting, og du skal ikkje gjere noko som gjer deg ukomfortabel<3
Anbefaler deg også å lese artikkelen som eg har lagt ved under her. Hugs at du er kjempeflott, akkurat som du er!
Ynskjer deg alt godt!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 2.3.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål