Spørsmål og svar

Eg vil ikkje bytte skole likevel! Kan eg ombestemme meg?

Jente, 14

Hei, eg er ei jente på 14 år. Eg begynte på en ungdomsskule som eg ikkje hadde lyst til å gå på. I april søkte eg om å få bytte skule og kom inn. Men no etter en klassetur vi hadde so vil eg ikkje bytte alikavel. Alle veit att eg skal bytte skule, men eg vil ikkje reise fra vennane eg har det kjempe kjekt med på den skulen. På den andre sida vil ikkje eg skuffe vennane eg har fra skulen eg skal bytte til og eg veit ikkje ein gong om eg kan bytte tilbake til den skulen eg var på . Eg har ingen peiling på kva eg ska gjere og trenge noko hjelp.

Svar

Hei jente (14)

Det verkar som det er litt uklart kva moglegheitane dine er, som gjer det veldig vanskeleg. Derfor vil eg råde deg å finne ut så fort som mogeleg om du kan ombestemme deg og om du kan velga kva skule du vil gå på. Viss du ikkje veit kven du skal ta kontakt med kan du til dømes høyre med rådgjevar på skulen din eller kontaktlærar, som kan hjelpe deg. 

Det er veldig vanskeleg for nokon andre å seie kva du skal gjere, eller kva som blir best for deg. Der må du finne ut kva du helst vil sjølv, ved å snakke med vennane dine på dei ulike skulane, med lærarar, foreldre osv. Du kan skrive lister over positive og negative ting, du kan skrive eit brev til deg sjølv eller kanskje kaste ein mynt? 

Uansett er det viktig å vite at du ikkje kjem til å miste venner av å bytte skule, du kan framleis finne på ting på fritida og henge, uansett om de ikkje går i samme klasse eller ser kvarandre på skulen. 

Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 18.6.2019

Oppdatert: 18.6.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål