Eg er sliten og føler alt kjem til å sprekke. Er stressa og sliter. Tips?
Annet, 15
Eg føler meg så utslitt. Det føles ut som om ingen eigentelg høyrer på meg når eg seier kva som eg sliter med. Eg har gått til BUP for 6 månadar, men vi har visst slutta med å utrede meg for autisme. Eg ser kanskje ut som om eg er ok, men eg er så sliten og lei alt. Eg er stressa heile tida pga. eksamen og tentamenane som kjem snart og fordi eg blir nødt å flytte for å gå på linja eg har lyst å gå på. Eg sliter også masse med å være konsentrert om leksene mine. Eg har prøvd om og om igjen å forklare til dei voksne rundt meg at eg sliter og eg har den vanskeleg og at det følast ut som om eg har komt til det punktet kor alt kjem til å sprekke. Men dei seier alltid det same, "Du trenger ikkje ein diagnose", "alle føler seg sånn som tenåring", "Men du gjør det so bra på skulen!" Eg veit ikkje ka eg skal gjere lengre. Dei einaste som høyrar på meg er vennane mine og mammaen min, men dei klarer ikkje å gjere mykje.
Svar
Hei, du!
Det høyres ut som du ikkje føler at du blir forstått av dei rundt deg.
Du har vore til utredning for autisme men det høyres ikkje ut som det var grunnlag for å stille den diagnosen. Kanskje er det denne utredninga/diagnostiseringa som har vore fokuset til din behandlar medan du opplever at du trenger hjelp for å takle stress knytta til skule og flytting.
Det er nok ikkje noko anna å gjere enn å formidle på nytt til din behandlar at du ikkje føler at de har fokus på det som er viktig for deg. Det at du gjer det godt på skulen treng ikkje å bety at du har det godt inni deg. Du treng heller ikkje å ha ein diagnose for å syns at det er vanskelig å vere deg akkurat no. Kanskje er det slik at behandlaren din ikkje har plukka opp kor tungt du har det ettersom du forteller at det ser ut som du har det bra utanfrå.
I tillegg til at du fortel til behandlaren din korleis du har det er det også lurt at du har fokus på å finne ein god balanse for deg sjølv i kvardagen. Pass på at du får nok søvn og at du får i deg jamne og faste måltider. Det er anbefalt å ete fem gonger for dagen inkludert mellommåltider. Då får ein fordelt energien sin godt utover dagen. Det er også lurt å ta seg pauser frå skulearbeid til å berre gjere det ein ønsker sjølv - t.d. sjå på serie, vere med venner eller gjere noko heilt anna. Det er også lurt å få litt fysisk aktivitet og frisk luft kvar dag. På denne måten får ein opparbeida seg ein betre "buffer" når det kjem til å tåle meir stress og påkjenninger i kvardagen.
Det er fint at du har både vener og ei mor som forstår deg. Fortsett å snakke med dei også om korleis du har det. Det er ikkje så godt å sitte aleine med ting.
Eg ønsker deg alt godt og håper det blir betre. Ønsker deg også lykke til når du eventuelt skal flytte i forbindelse med å starte på ny linje.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 23.5.2021
Oppdatert: 23.5.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



