Har du/de ein peaceful måte å dø på? Eg har lyst te å gi opp å dø..
Jente, 15
Det er ingen som skjønner en dritt. Eg har lyst te å gi opp og dø.. Eg har ingen motivasjon til å stå opp på morgonen lengre. Eg e lei av alt! Eg hate livet mitt. Hater folkene rundt meg. Hater meg sjøl. Har du/de ein peaceful måte å dø på eller ska eg berre bruke en vanlig måte:/
Svar
Hei, jente på 15 år
Eg ser at du har det tungt no og du skriv til oss at du tenker på at du har lyst til å dø. Dette er alvorlige tankar og eg tolkar det som eit uttrykk for at du absolutt ikkje har det bra no.
Du skriv ikkje så mykje om kva det er som gjer at alt kjennes så håplaust no. Ofte er det ein kombinasjon av fleire ting. Gjerne er det slik at ein vanskelig periode har ein tendens til å føre oss inn i vonde sirklar som gjer at "alt" ser svart ut sjølv om det ikkje stemmer at det er slik.
Det høyres ut som du ikkje stoler på dei rundt deg og at du har vanskelige tankar knytta til deg sjølv også. Eg veit ikkje kva som kom først og kva som er grunnen til at du har det sånn. Kanskje du ikkje veit det heilt sjølv heller dersom alt kjennes svart?
Det som er viktig er at du ikkje følger tankar om å ta ditt eige liv. Det å tenke på dette er ikkje farlig i seg sjølv og det er tankar som kan dukke opp når ein ikkje klarer å sjå at det skal ordne seg. Men dersom tankane går over i planar er det meir alvorleg og det er viktig at du då ber om hjelp med ein gang. Det er mulig å ringe legevakt 116 117 uansett kor du er i landet.
Eg vil uansett råde deg til å søke noen du kan snakke med om korleis du har det. Ofte kan vi bli "låst" i våre eigne tankar og følelsar og miste perspektiv dersom vi ikkje snakkar høgt med noen om det. Det er lurt om du tar kontakt med fastlege, helsestasjon for ungdom eller helsesjukepleier på skulen. Sistnevnte er den som vil for mange vere lettast tilgjengelig på kort tid. Der kan du sortere følelsar og tankar og få råd til kva du bør gjere vidare. Hos fastlege kan du få henvisning vidare til BUP/psykolog ved behov. Dei er vant til å hjelpe andre i liknande situasjonar.
Håper du snart får det betre og at du får snakka med noen om korleis du har det inni deg. Du er verdifull og det kjem til å bli betre sjølv om det ikkje føles slik no.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 15.11.2020
Oppdatert: 15.11.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



