Orker ikkje meir! Har depresjon, sosial angst. Kutter meg. Kva gjer eg?
Jente, 14
Hei! Eg orker ikkje meir! Eg er så drittlei av å leve! Har slitt med depresjon og sosial angst lenge og eg har vert hos bup fra desember 2018 til mars i år og eg er nå i kontakt med barnevernet..og eg synst det er vanskelig! Eg orker bare ikkje å leve! Eg veit ikkje kven eg skal snakke med fordi eg klarer ikkje å snakke med mamma og pappa og eg orker ikkje å snakke med barnevernet. Eg kutter når eg er sint, lei og bare vil få vekk alle tanker og følelser...er redd for at ting vil forverre seg i sommerferien også. Eg orker ikkje meir! Hjelp... Takk på forhond❤️
Svar
Hei, jente på 14 år!
Det høyres ut som du har det tungt og har hatt det tungt ei stund. Då kan det vere lett å miste litt håpet for at det skal kunne bli bra igjen. Det er viktig at du ikkje mister håpet sjølv om du har det tungt no.
Du fortel at det er nokon inne i biletet som du eigentleg kan snakke med men som det er vanskelig å snakke med. Kanskje er du redd for kva som skal skje dersom du opnar deg for foreldra dine eller barnevernet. Det er ikkje så lett å sette i gang med å fortelle - men ofte blir det litt lettare etterkvart. Det som er med sjølvskading er at nokon beskriver at det hjelper litt på kort sikt - men det hjelper ikkje på lang sikt og hjelper ikkje på dei underliggande problema. Dersom du har veldig mykje vondt å tenke på så er det lurare å fortelle det høgt til nokon og sette ord på det enn å kutte seg. Nokon kan ha nytte av å lage ein "hald ut"-plan med alternative strategiar til kutting når følelsane står på som verst.
Tips til kva ein kan ha på ein "hald ut"-plan er: Ringe ein venn eller nokon i familien, sette på høg/kjekk musikk, gå ut av rommet ein er i, gå ut i hagen/få frisk luft, ta ein joggetur, sette på noko kjekt på youtube eller serie/film, lage noko varmt eller kaldt å drikke, ta ein varm eller kald dusj, teikne, danse - eigentleg kva som helst som gjer at ein kjem litt ut av modusen som ein er inne i. Følelsar er slik at dei ikkje vil ha same intensiteten heile tida og dermed vil endre seg dersom ein held ut litt.
Du kan også skrive med nokon som ønsker å vere til hjelp på nettet dersom du syns det er vanskelig å snakke med nokon ansikt til ansikt. Då kan du bruke Kors på halsen eller Snakk litt.
Dersom du har depresjon og sosial angst som du ikkje kjem deg ut av eller eventuelt blir verre så er det lurt å be om eit nytt behandlingsforløp ved BUP for å få hjelp på nytt. Spesielt dersom du strever mykje med tankar om å ikkje orke å leve. Ein kan ta med seg erfaringar frå eit tidligare behandlingsforløp og kanskje gjere ting litt på ein annan måte neste gong slik at resultatet også kanskje blir annleis. Det er også lurt om du forsøker å snakke med dine kontaktar i barnevernet slik at dei kan hjelpe deg. Det blir vanskeligare å motta hjelp dersom dei som er rundt deg ikkje veit korleis du har det. Råder deg til å forsøke å sette ord på det. Det er ikkje lett men blir som sagt ofte betre etterkvart.
Ønsker deg alt godt og håper at du snart får det betre <3
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 28.6.2020
Oppdatert: 28.6.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


