Korleis kan eg få folk til å sjå meir av kven eg er?
Gutt, 14
Hei på skolen er eg kjent som homoen som går med sminke, og det er eg lei av eg har lyst at dei skal se mine andre egenskaper som musikk, og eg veit ikkje korleis eg skal få dei til å se dei andre egenskapene. Har dere noken tips??
Svar
Hei gutt (14)
Det er leit at folk har ei oppfatning av kven ein er når dei veit så lite om deg. Dessverre må ein jobbe ekstra hardt for å endre ei slik oppfatning, men det er ikkje umogeleg. Vis deg fram! Ver stolt av eigenskapane dine!
Sidan du seier du likar å halde på med musikk kan du vise det fram! Ellers veit jo ikkje folk at du held på med det! Kanskje kan du spele på ein konsert, på eit juleball eller på UKM?
Det fins mange plattformar og heilt sikkert mange som kjem til å sette pris på musikken din! Det er rått å vere seg sjøl og halde på med det ein sjølv tykkjer er kult.
Ellers har du lov til å seie ifrå om du meiner folk dømmer deg urettferdig, stå opp for deg sjøl.
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 17.11.2019
Oppdatert: 17.11.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
