Slit med å snakke med vaksne menn. Er det grunna forhaldet til far?
Jente, 15
Eg sliter med og snakke med voksene menn eg er ikkje redd det er bare ukomfortabelt, og eg klarer ikkje å lage bond men noko ikkje ein gang mine onkler eller kontaktlærar, som alle er veldig snille. Det er ganske iriterande og eg lurer på om det kan vere på grunna av forholde med faren min. Eg har ikkje eit bra forhold med faren min eg har vert redd han siden eg var liten. Han var alltid sint. Når eg var 10 skilte mamma og pappa seg, eg pleide å reise anna kvar helg, men no når eg er eldre har eg ikkje alltid tid så vi har mista kontakt og han ringer aldri eller sender melding. Eg er lei av at han ikkje prøver.
Svar
Hei
Hei - og takk for at du skriv til oss!
At du har vore redd faren din heilt sia du var lita kan sjølvsagt ha noko å seie for at det er vanskeleg for deg å knytte særleg kontakt med vaksne menn nå. Det kan kanskje skuldast fleire omstende óg, men det er ikkje sikkert du hugsar det eller koblar det saman. 
Sidan du slit med dette og har mista kontakt med faren din seinaste tida, trur eg du kan vere tent med å kontakte familievernkontoret. Der kan du få høve til å prate aleine, dei kan invitere mor di og hjelpe til med å finne gode løysingar for korleis du og far evt. kan ha kontakt - og evt. invitere far óg.
Lykke til!
Mvh
familieterapeuten
Besvart: 13.2.2020
Oppdatert: 13.2.2020
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål