Spørsmål og svar

Eg sliter med å føle, er ikkje lei meg og heller ikkje glad. Vil føle meir

Jente, 19

eg sliter med å føle, eg er heilt tom. eg er ikkje lei meg men heller ikkje glad. eg har kjent på denne følelsen lenge. eg er ein sint person som sier alt eg mener og svarer akkurat det eg meiner. eg vil føla kjærlighet og glede, men og sorg.

Svar

Hei, jente på 19 år

Takk for spørsmålet ditt!

Det høyres ut som du kjenner deg avflata og gjerne ynskjer å kunne kjenne på og uttrykke fleire følelsar enn det du klarer per i dag. 

Du fortel at du er mykje sint. For nokon så er sinne eit uttrykk for nettopp sinne (og er då ein "primærfølelse") medan for andre kan sinne eigentleg vere ein "sekundærfølelse" der ein har ein annan (primærfølelse) under. Det kan vere til dømes tristheit eller redsel som ligg under - men sinne som kjem til overflata. Kanskje er det slik for deg? Du beskriv at du slit med å føle men samtidig at du er sint. Då har du i alle fall ein følelse som du har kontakt med - og det kan vere lurt å forsøke å kjenne litt etter i seg sjølv om ein eigentleg har ein annan følelse som ligg under.

Eg anbefaler deg å sjå denne filmen om følelsar - kanskje kan du bli litt meir klok på eigne (og andre sine) følelsar og lære noko nytt om følelsar generelt. 

Når det er sagt så er det mange som rapporterer at dei kan føle seg "tom"/nummen/avkopla i følelsane i periodar. Dette kan dreie seg om at ein har for mykje å gjere og er heilt utlada/utbrent, det kan handle om at ein er deprimert/nedstemt eller det kan rett og slett skje utan at ein klarer heilt å finne ut kvifor det blei slik. Ofte går det i periodar og ein vil gjerne oppleve at det vil gå over av seg sjølv.

Dersom det er slik at dette plagar deg mykje i kvardagen din slik du har det no så er det lurt om du oppsøker nokon du kan snakke med om det du opplever. Ein god start kan vere helesestasjon for ungdom eller fastlegen. 

Ynskjer deg alt godt og masse lykke til vidare. 

 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 3.3.2020

Oppdatert: 3.3.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål