Har sterk uvirkelighetsfølelse - kva kan det vere? Har fått kompleks PTSD
Jente, 20
Hei, eg har fått diagnosen kompleks PTSD, nokre trur det og er borderline. Eg bryr meg ikkje om kva det er sånn eigentleg. Men eg har ein heilt sjuk uvirklugheitsføling, ting er ikkje ekte, så er ting ekte. Eg er meg så er ikkje eg meg. Eg veit eg er meg, men eg hår tilbake til eit stadie der eg er eit barn igjen. Eg syns det er så flaut, og det å fungere med det er slitsomt for du må på ein måte late som at du er «normal», men eg føle ikkje eg er normal- men på ein måte gjer eg det. - Er det noko å vere flau for, korleis handtere det, det e flaut å snakke om det, og kva kan det vere?
Svar
Hei, jente på 20 år!
Eg skjønar godt dersom du blir forvirra. Kompleks PTSD og borderline kan sjå veldig forskjellige ut på papiret - men dei har også ein del til felles. Kanskje spesielt med tanke på at det i begge tilfeller gjerne handlar om at ein har opplevd noko som har vore overveldande/vanskelig (gjerne over tid) og også at det fører til sterke følelsar som kan vere vanskelig å handtere/regulere. I begge tilfeller kan ein streve med å forholde seg til eigne kjensler og også gjerne streve i relasjonar til andre grunna t.d. vanskelige erfaringar som igjen fører til t.d. vanskar med å stole på andre eller at "verden er god/trygg".
Når det gjeld uvirkelighetsfølelse så kan dette har ulike grunnar. Uvirkelighetsfølelse er gjerne ein følgetilstand som ein kan oppleve når ein har ulike ande primærlidingar. Altså er uvirkelighetsfølelse gjerne noko som kjem sekundært til den primære lidinga ein har - vi kan finne dette både hos personar som har traumelidingar, angstlidingar og personlegdomslidingar. Nokon oppgir at dei kjenner på det som vi kallar derealisering og andre oppgir å kjenne på depersonalisering. Derealisering er når ein opplever at verden utanfor er uvirkelig og depersonalisering er når ein kjenner seg "avkopla" frå seg sjølv. Nokon beskriver også det vi kallar for dissosiasjon som du kan lese om her.
Uansett kva du opplever så er det nok lurt dersom du klarar å sette ord på det så godt du kan slik at dei som skal hjelpe deg kan hjelpe deg. Du får også best svar av dei som kjenner deg til å tolke det du opplever. Vi som jobbar på ung.no kan berre komme med tips/veiledning og kan ikkje utrede eller vite med sikkerhet kva dei som skriv inn har av vanskar og diagnosar. Du har ingenting å vere flau over og det er ikkje din feil at du opplever det du gjer. Det å vere open om korleis ein har det er ofte det fyrste steget mot å få det betre.
Eg ynskjer deg alt godt og håpar at du snart får det betre og at du også får svar på kva du opplever og korleis du skal forholde deg til det! Masse lykke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 11.5.2020
Oppdatert: 11.5.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
