Spørsmål og svar

Fjerne fag frå vitnemålet?

Jente, 19

Hei! Eg lurte på om det moglegheit for å fjerna eit fag frå vitnemålet? Eg hadde fysikk i vg2, men fekk ein dårleg karakter og derfor drar det berre ned snittet. Eg har no søkt på ei utdanning som ikkje krev fysikk, så eg har eigentleg ikkje bruk for det.

Svar

Hei!

Det kan vere mogleg å fjerne fysikk frå vitnemålet dersom du har nok andre fag til å oppfylle krava til studiekompetanse og vitnemål. Du kan ikkje berre stryke eit fag fordi karakteren er låg, men viss fysikk ikkje er nødvendig og du har andre fag som kan erstatte det, kan skulen i nokre tilfelle lage eit nytt vitnemål utan det faget. Dette må du snakke med vitnemålsansvarleg eller rådgivar på skulen din om, fordi det kjem an på kva fag du elles har. Dersom fysikk er nødvendig for å oppfylle krava til vitnemål, må det stå der. Eit anna alternativ er å ta faget opp som privatist og prøve å få betre karakter.


Lykke til!

Mvh

Rådgiver og karriereveileder

Besvart: 30.3.2026

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål