Står det noko i lova om kva kva ein kan skrive privat på itslearning?
Gutt, 14
Hei, var litt usikker på temaet. Det har seg sånn at eg og noken vennar av meg lagde ei privat gruppe på itslearning som vi kunne skrive til kvarandre. Dei einaste voksne som kan se er admistrasjonen på skulen og dei sjekka gruppa og såg ka vi hadde skreve. Det var ikkje noko spesielt vi hadde skrevet på gruppa bare masse tull og sånt. Vi har veldig godt miljø i klassa så det er ikkje noke mistanke til mobbing. Vi hadde sendt noken få tulle pornolenker som foreksempel pornhub.com/EKSEMPELbrød. Det er ikkje skikkelig porno lenke engang. Så eg lurer på om det er ulovlig å sende tulle porno lenke på ein privat gruppe på itslearning bare meint for oss som er i gruppa til å se. Står det noke om i lova?. Skulen såg på det som veldig alvorlig og eg har lyst på svar. Vi fekk merknad og melding heim. Dei trua med å ringe politiet på grunn av det og. Men dei gjorde ikkje det
Svar
Hei!
Nei, det står ikkje noko i lova om det å sende falske lenker. Elevane har rett på privatliv. Men som du har erfart, Itslearning er ikkje heilt privat.
Eg tenkjer at det er dette med porno som er saka for lærarane, og ikkje om det var tull eller ei. Det er ikkje lov med porno på skulen, og Itslearning er "skulen".
Grunnen til at det er ulovleg på skulen, er fordi porno blir oppfatta som uheldig for alle partar – både for dei som er med i pornoen, og for dei unge som ser på - det er lite som minner om verkelegheita når det gjeld porno. Ein ynskjer ikkje at dei unge skal tru at dei må oppføre seg slik når dei skal ha sex. Sex skal vere noko fint og kjærleiksfullt - i alle fall respektfullt og med samtykke. Og er for dei som har fylt 16 år (den seksuelle lågalder i Noreg).
Det finst au ulovlegporno – og som altså er ulovleg for alle. Dette med politiet vil då verte aktuelt i slike samanhengar.
Håper dette gav deg nokre svar! Lykke til!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 29.9.2020
Oppdatert: 29.9.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

