Spørsmål og svar

Kan eg søkje særskilt vurdering?

Jente, 19

Hei! Eg lurte på noko når det gjelder særskilt vurdering. Eg har lest på det som står på samordna opptak og har snakket med rådgiver men kvar av dei sei noko forskjellig. Spørsmålet er; kan eg har særskilt vurdering hvis eg blei diagnosert med ADHD no etter at eg er ferdig med heile skuleårene? Og betyr det at eg egentlig ville ha bedre karakter hvis eg hadde denne diagnosen før så dvs. at hvis snittet mitt er 4.3 og skal gå til å studere noko som har snitt på 4.8 så tar de diagnosen min med på vurdering? Eg har lyst på presis svar sidan eg får det ikkje takk på forhånd

Svar

Hei

 

For å få særskilt vurdering, må du dokumentere at karakterane du fekk da du gjekk på vidaregåande skule var feil, at du faktisk kunne meir enn karakterane dine viser, og at dette skyldast spesielle forhald.

At du har ADHD og at du ikkje fekk tilrettelegging på vidaregåande skule kan vere eit søknadsgrunnlag for særskilt vurdering. Det betyr ikkje at du automatisk får innvilga særskilt vurdering, og heller ikkje at du automatisk får eit tilbod om studieplass. Du må søkje om å få særskilt vurdering.

Fristen for å søkje om særskilt vurdering er 1. mars. For å søke særskilt vurdering må du fyst registrere ein vanleg søknad om opptak. Når søknaden din er ferdig registrert må du registrere ein tilleggssøknad om særskilt vurdering. Alt dette gjer du inne på profilen din på Samordna opptak. Hugs å sjekke at du får ein kvittering som bekreftar at du har søkt særskilt vurdering i meldingsboksen din.

Etter at du har søkt må du sende noko i posten til alle lærestadene kor du har søkt opptak. Du må skrive ut og fylje ut eit vedleggsskjema for særskilt vurdering. Dette vedleggskjemaet skal du fylje ut saman med den vidaregåande skulen din. Saman med vedleggsskjemaet skal du leggje ved dokumentasjon på forhald som gjer at du søkjer særskilt vurdering. Det kan for eksempel vere legeerklæring, PPT-rapportar eller liknande som viser at du har ADHD. Til slutt skal du leggje ved ein eigenerklæring kor du skriv kvifor du søkjer særskilt vurdering. Eigenerklæringa må beskriv kordan forholda har påverka karakterane dine, og kvifor du meiner at du var på eit høgare fagleg nivå enn det karakterane dine viser. Alt dette skal du sende i posten til alle lærestadene du har søkt særskilt vurdering til. Du finn postadressa til lærestadene her. Dette må du gjere innan 20. mars. 

All anna dokumentasjon som skal liggje til grunn for søknaden din til høgare utdanning kan du laste opp på profilen din på Samordna opptak. Dette kan for eksempel vere vitnemålet frå den vidaregåande skulen din.

Vi anbefaler at du les nøye gjennom sida til Samordna opptak som handlar om særskilt vurdering. Det er viktig å setje seg inn i informasjonen der, og dokumentere det du må dokumentere. På sida vil du også finne vedleggsskjemaet du skal fylje ut. Det er også viktig å overhalde fristane

 

Hilsen Samordna opptak i samarbeid med ung.no

 

Besvart: 24.2.2021

Oppdatert: 24.2.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål