Spørsmål og svar

Kor mykje skatt må eg betale i noreg, og hvordan funker skatten vår?

Jente, 14

Kor mykje skatt må eg betale i noreg i prosent? Og hvordan funker skatten vår akuratt no før valet?

Svar

Hei, og takk for spørsmålet!

Det er mange meiningar om skatt, så det er flott at du spør etter fakta.

Det norske skattesystemet er ganske komplisert, og kor mykje skatt du betaler, kjem an på mange ting: inntekt, formue, gjeld, frådrag, om du har barn, pendlar, driv eiga verksemd, og så vidare.

Kort fortalt har vi eit progressivt skattesystem i Noreg. Det betyr at skattesatsen aukar jo høgare inntekt du har. Med andre ord: personar med låg inntekt betaler ein lågare prosentdel i skatt, medan dei med høgare inntekt betaler ein høgare prosentdel. Dette skal sikre at vi blir skattlagde etter evne, og bidra til rettferdig fordeling.

Nokre døme på skatt på løn i 2025 (utan frådrag og annan inntekt):

Viss du tener under 100 000 kroner, har du frikort og betaler ingen skatt.

  • Bruttoløn 120 000 kr → ca. 4 % skatt Nettoløn 115 200 kr
  • Bruttoløn 200 000 kr → ca. 8 % skatt → Nettoløn 180 000 kr
  • Bruttoløn 530 000 kr → ca. 23 % skatt → Nettoløn 408 100 kr
  • Bruttoløn 720 000 kr → ca. 26 % skatt → Nettoløn 530 000 kr
  • Bruttoløn 1 665 000 kr → ca. 37 % skatt → Nettoløn 1 040 700 kr

Du kan sjølv rekne ut skatt på ulike inntekter her: skatteetaten.no/person/skatt/skattekalkulator/

Dersom du driv eiga verksemd, betaler du skatt på næringsinntekt – altså det du tener etter utgifter. Du får også rett til pensjonspoeng og sjukepengar. skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/skatt/

Formuesskatt gjeld dersom du eig mykje – som bustad, aksjar eller pengar i banken. I 2025 betaler du berre dersom du har over 1,76 millionar kroner i nettoformue.

Nettoformue er alt du eig minus lån. Dei fleste nordmenn betaler ikkje formuesskatt, fordi dei har mindre enn bunnfrådraget.(1,76 millioner kroner).

I 2025 er formuesskatten ca. 1 % på det som er over 1,76 millionar:

  • 0,525 % til kommunen
  • 0,475 % til staten

Les meir om formuesskatt og verdsettingsrabattar her: skatteetaten.no/satser/formuesskatt/

Meir informasjon på skatteetaten.no:

skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/

skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/fradragsveilederen/

skatteetaten.no/satser/alminnelig-inntekt/

skatteetaten.no/satser/trinnskatt/

Meir informasjon på regjeringen.no/skattesatser 2025

Meir informasjon på ssb.no/skatt for person

Hilsen Spleiselaget i samarbeid med ung.no

Skatt og arbeidsliv for ungdom | Spleiselaget

Besvart: 5.9.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål