Spørsmål og svar

Kan eg bruke neglesaks for å ta vekk hår på penisen min?

Gutt, 13

Eg har lyst og ta vekk hår på penisen min. Kan eg bruke neglesaks eller vanleg saks

Svar

Hei

Nokre ønskjer å fjerne hår på tissen, medan andre synest det er fint å la det vere. Det finst inga regel for kva ein skal gjere, og du må sjølv bestemme kva som kjennest rett for deg.

Det finst fleire måtar å fjerne hår på tissen. Viss du vil ha håret kortare, men ikkje fjerne det heilt, kan du bruke ei neglesaks. Då er det viktig at du dreg håret litt ut og held god avstand til huda, så du ikkje klipper i huda og får sår.

Viss du vil fjerne håret heilt, kan det vere lettare å bruke barberhøvel.

  • Pass på at huda i området er heilt rein før du barberer
  • Bruk gjerne ein eigen høvel til barbering i underlivet, for å redusere sjansen for bakteriar
  • Bruk gjerne skum eller gelé som er mild mot huda
  • Barber med hårveksten, ikkje mot, for å unngå irritasjon i hårsekkane

Du kan òg bruke hårfjerningskrem. Følg nøye bruksrettleiinga på pakka.

Du kan lese meir om dette i artikkelen under.

Håper svaret var til hjelp for deg. Ønsker deg alt godt.

Hilsen helsesykepleier og sexologisk rådgiver, NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 5.8.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål