Spørsmål og svar

Kan eg ha rett til bortbebuarstipend dersom det er lang veg?

Gutt, 16

Hei, eg har gjort litt research angående borteboerstipend men eg bur 37km unna skulen men bussen eg tek tar ein omvei som gjer totalt 45km+ i reise. Bussane går annakvar time også, fyller eg kravene for eit unntak ved borteboerstipend?

Svar

Hei,

Takk for spørsmål.

Dette er eit spørsmål som sannsynlegvis må vurderas av ein saksbehandlar i Lånekassen, så eg kan dessverre ikkje gi eit eintydig svar her. Lånekassen bruker Statens vegvesen sine utrekningar når dei bereknar reiseavstand. Det er Statens vegvesen si berekning som gjeld i vurderinga om du kan få bortebuarstipend.

Dersom du meiner at dette ikkje er riktig, så kan du sende inn dokumentasjon som viser faktisk avstand, slik at ein saksbehandlar kan vurdere saken.

Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.

Besvart: 13.3.2023

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål