Dekkjer Lånekassen skolepengar?
Jente, 18
Hei! har lyst å gå på arkitektskolen AHO i Oslo. Ser at det står at det koster 380 000 Per år. lurer på om dette stemmer eller om ein får dekka detta via lånekassen? Synst det var ein veldig høg pris og vil ikkje sitte igjen med skyhøgt studielån.
Svar
Hei!
Takk for spørsmålet!
Dersom du må betale skolepengar så kan du få skolepengelån frå Lånekassen. Skolepengelånet frå Lånekassen er eit tilskott, og dekkjer ofte ikkje heile summen du må betale i skolepengar.
I studieåret 2024-2025 kan du låne inntil 77 192 kroner til skolepengar. Kor mykje lån du kan få til skolepengar, kjem også an på kor mange studiepoeng du tek og om du skal studere heile året.
Skolepengelånet blir ikkje gjort om, sånn som ein del av basislånet kan bli. Det betyr, at du må betale tilbake heile skolepengelånet seinare.
Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.
Besvart: 27.1.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål