Gir Lånekassen stipend til VGS i utlandet?
Jente, 16
Hei Ung. Eg er ein jente på 16 år, og vurderer å flytte til Spania og gå på ein internasjonal skule med IB program der dei neste to åra. Lurte på om eg i så fall vil få bortebuarstipend i denne perioden, eller om eg må betale utgiftene sjølv. Oppholdet vil ikkje telle som utveksling ettersom det ikkje vil være gjennom ein utvekslingsorganisasjon, for de tilbyr ikkje engelsk skule i Spania. På førehand takk : )
Svar
Hei!
Gir Lånekassen stipend og lån til VGS i utlandet?
Som hovudregel kan du ikkje få stipend og lån til vidaregåande utanfor Norden, men det finst unntak. Les om reglene her.
Du kan få stipend og lån hvis du skal gå IB-linja gjennom eit United World College (UWC). UWC tilbyr International Baccalaureate (IB) Diploma Programme, og du kan nominerast til å gå på ulike skular i utlandet. Du bestemmer altså ikkje sjølv kva land du skal gå på skule i. Les meir her.
Du kan også få stipend og lån til utveksling på VG2.
Kva kan eg få i stipend og lån?
Dei fleste bur for seg sjølv, og får utstyrsstipend, bortebuarstipend og reisestipend. Satsane for kor mykje du får i stipend endrar seg for kvart skuleår. Bur du saman med foreldra dine, får du berre utstyrsstipend.
Som elev ved ein internasjonal vidaregåande skule i Noreg eller i utlandet, kan du få stipend til å betale delar av skolepengane. I skuleåret 2021-2022 er stipendet på inntil 85 prosent av skulepengane, men det er ei øvre grense på 98 841 kroner.
Du får berre stipendet til reine skolepengar, men ikkje for eksempel programavgift til utvekslingsorganisasjonen. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.
Venleg helsing Lånekassen, i samarbeid med ung.no
Besvart: 1.11.2021
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
