Usikker på om jeg skal fortsette med tysk ?
Jente, 17
Hei! Så eg har no nyleg "bytta" til tysk 3 da. Det er med anførselstegn fordi eg sa til han som bytter fag at eg skulle tenkje på å ha faget. Eg har fysikk 2, r2 og kjemi 2 akkurat no, og eg må nesten beholde dem. Men uansett, endte opp i ein situasjon med å enten droppe tysk 3 og ha normale faga mine, eller ta daget og ha 4 programfag. Men eg veit ikkje kva eg skal gjere. Faget er berre negativt for snittet mitt, ekstra jobb, og den einaste grunnen til at eg vurderer det er fordi eg vil bli flytande i tysk i framtid. + Eg fikk 6 ifjor da, men eg berre trur ikkje eg kan komme på det nivået for å få 6 i tysk 3 heller. Eg prøver å gå for medisin i norge neste år, så må egt berre tenkje på karakter, men vil ikkje angre på at eg ikkje tok tysk 3 10 år seinare. Privatist er ikkje eit valg heller fordi de er dyrt.Trur du eg burde berre droppe faget, mens eg fortsatt kan? fordi man kan ikkje droppe ut av fremmedspråk 3 i skolen min.
Svar
Hei!
Det høyrest ut som du står ovanfor ei utfordrande avgjerd angåande tysk 3. Det er forståeleg at du vurderer nøye med tanke på karakterar og framtidige planar. Å bli flytande i tysk er ein god målsetning, men samstundes er det viktig å vurdere korleis faget påverkar snittet ditt og tida du må investere. Om du kjenner at faget vil ha ein negativ innverknad på snittet ditt og planane dine om å studere medisin, kan det vere lurt å droppe det. Det er viktig å ta val som er i tråd med dine mål og prioriteringar. Har du snakka med rådgjevaren din eller nokon andre om dette. Det kan hjelpe deg med å få ei betre forståing og rettleiing i denne situasjonen.
Besvart: 25.8.2024
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål