Kva gjer eg når eg ombestemmer meg for forholdet?
Jente, 13
Hei, eg har nettopp eller for 1 veke siden fått meg kjæreste. Eg har likt han ein stund men etter at vi møtes ein gang, oppdaget eg at eg ikkje var forelsket, og at han heller var rar og at alt var spesielt. At det ikkje var noen spesielle følelser. Ka skal eg gjøra? Eg vil ikkje slå opp, men eg får dårlig samvittighet. Eg liker han litt, men følelsene mine forsvinner for han. Noen tips til ka eg skal gjøra?
Svar
Det er heilt vanleg at ein skapar ein idé av ein person, som ikkje stemmer overens når ein blir betre kjend. Det høyrest ut som det er dette som har skjedd med deg. Du likte han, og syns kanskje han var spennande, men når du vart saman med han fant du ut at han var litt rar og det kjentes feil.
Det er ikkje noko galt i dette, og du burde ikkje ha dårleg samvittigheit. Du kunne jo ikkje vite at det skulle vere slik. Tenk heller at no har du prøvd, du har gitt det ei sjanse og du fant ut at de ikkje passa så godt saman.
Det er vondt å slå opp med nokon, men jo tidlegare du seier ifrå, jo enklare er det for dykk begge å gå vidare. Du seier at du ikkje vil slå opp, men eg trur det er betre at de ikkje er saman, når du ikkje er så forelska som du trudde at du var.
Kanskje passar de rett og slett betre som venner, og det er også heilt ok!
Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 25.9.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål