Spørsmål og svar

Korleis dokumentere høgare utdanning?

Gutt, 19

Hei, eg gjekk på BI i år og vurderer å skifte både linje og skule. Må eg laste opp noko dokument på samordna opptak for å få ekstra poeng frå å ha studert fordi eg gjekk på privatskule eit år?

Svar

Hei,

takk for spørsmålet ditt.

Du kan få inntil 2 tilleggspoeng i ordinær kvote. For å få tilleggspoeng for høgare utdanning i ordinær kvote, må du dokumentere den høgare utdanninga di med ein karakterutskrift og eventuelt eit vitnemål dersom du har fullført ein grad. Du må ta kontakt med lærestaden din for å få karakterutskrifta, slik at du kan laste opp dokumentasjon i søknaden din.

Venleg helsing

Samordna opptak i samarbeid med ung.no

Besvart: 6.6.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål