Kva må eg studera for å jobba med media i Formel 1?
Jente, 15
Hei. Eg har veldig lyst til og jobbe med media innen Formel 1, men eg veit ikkje korleis eg skal studere og hvordan eg kan søke på jobber innom medier?
Svar
Hei!
Så spennande at du har sett deg eit konkret mål!
Me kan ikkje seia akkurat korleis du kan få jobb i Formel 1, men seia litt korleis du kan gå fram for å få jobb i eit internasjonalt selskap med media.
1. Vidaregåande skule
Medier og kommunikasjon(studieførebuande)
- Gir generell studiekompetanse, slik at du kan søkja på dei fleste universitet.
- Gir eit godt grunnlag for opptaksprøver til mediefaglege studiar.
- Relevante vidare studiar: Kommunikasjon og medievitenskap, Journalistikk eller Markedsføring.
Informasjonsteknologi og medieproduksjon (yrkesfagleg)
- Fokus på innhaldsformidling, historieforteljing, kommunikasjon og marknadsføring.
- Moglegheit for lærlingplass innan til dømes innhaldsproduksjon eller mediedesign.
- Relevante vidare studiar: Fagskole i digital markedsføring, digital innholdsproduksjon.
2. Bygg erfaring og skil deg ut
- Dra på utveksling, ta internship i utlandet eller jobb med internasjonale prosjekter.
- Lær deg språk. Engelsk er ofte eit minimum, men andre språk som fransk, tysk eller spansk kan gi deg ein fordel.
- Lær alt om bedrifta. Les om kulturen, verdiane og korleis dei jobbar med media. Mange bedrifter ser etter kandidatar som forstår merkevara deira.
4. Søkja jobb internasjonalt
- Bygg ein sterk LinkedIn-profil og nettverk med bransjefolk.
- Søk internships eller deltidsjobbar i relevante selskaper.
- Skreddarsy søknad og CV til bedrifta du vil jobbe i.
Lykke til!
Hvis det er mer du lurer på, kan du kontakte oss i Karriereveiledning.no på chat eller telefon. Det er gratis, og du er anonym når du kontakter oss
Med vennlig hilsen
Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no
Besvart: 20.3.2025
Oppdatert: 20.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål