Spørsmål og svar

Korleis kan eg vise at eg likar ham?

Jente, 13

Hei. Eg liker veldig godt ein gutt i klassen min, men eg tør ikkje å sei noke til han. Me har fått øyekontakt fleire ganger, å han pleier ikkje å ha sann øyekontakt med noken andre. Og når me satt i lag i timen (siden læreren hadde bestemt plasser), så snakket me om å "sprenge" heile skulen og rømme i lag til månen. Og han snakket om da vi leikte ring på spring når me var mindre, men eg berre lata som at eg huska da. Og vennen min sa for ikkje så lenge siden «ser du ikkje korleis han stirrer på deg?», men eg har ikkje merka noke som helst. Så eg berre lurer på korleis eg kan gi han noken tegn på at eg er interessert i han.😅

Svar

Hei! Det høyrest ut som at du faktisk allereie har ein ganske god kontakt med ham, og at han kanskje er litt interessert tilbake òg, det er eit godt utgangspunkt! Handlingane hans kan tyda på at han liker å vere rundt deg. Om du vil visa at du er interessert i ham, kan du td. starta med å smila meir når han ser på deg, halda augnekontakt, eller stilla spørsmål som visar at du bryr deg om han. I tillegg vil eg anbefala at du les artiklane under for å få tips til andre ting du kan gjere.

Vennleg helsing ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 16.6.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål