Spørsmål og svar

Vil eg miste studietilbodet mitt viss eg takkar ja til ventelisteplass?

Jente, 18

Hallo eg fekk studieplass på OsloMet kjeller som eg takket ja til, men eg fekk tilbud om venteliste på OsloMet som ligg i sentrum ( som eg takket ja til først) , vi får svar 29.juli og eg ombestemte meg og takke nei likevel på ventelista. Er det slik at eg har forsatt den første studieplassen eg fekk sjølvom ombestemte meg? For det stå noke med at når eg takker ja så vil eg atomatisk miste plassen fra den første studieplassen tilbudet eg fikk om eg takke ja fra vente lista

Svar

Hei,

takk for spørsmålet ditt.

Viss du takkar ja til venteliste i hovudopptaket, og får tilbod om ein ny studieplass i suppleringsopptaket, mistar du automatisk studieplassen frå hovudopptaket.

Viss du takkar ja til venteliste i hovudopptaket, og du ikkje får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, held du på studietilbodet du takka ja til i hovudopptaket.

Dersom du takkar nei til ventelisteplass beheldt du studieplassen frå hovudopptaket uansett, så lenge du har takka ja til tilbodet innan svarfristen.

Du må bestemme deg for om du vil fortsetje å stå på venteliste innan svarfristen 24. juli. Logg inn i søknaden din for å registrere svaret ditt, og hugs å sjekke at du mottek ein kvittering i meldingsboksen din som bekreftar at svaret ditt er registrert.

Venleg helsing Samordna opptak i samarbeid med Ung.no

Besvart: 22.7.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål