Blir stipendet redusert dersom eg får scholarship?
Jente, 17
Hei! Eg skal studere i USA til neste år. På enten Tusculum University eller Erskine College. Eg skal spele volleyball og har fått stipend ifra skulen. På feks Tusculum så koster det totalt 42 000 usd. Eg har fått scolarship på 30 000 usd som vil sei at eg må betale 12 000 usd sjølv, det er ca 130 000 norske kroner. Då må eg ta opp lån og stipend for å kunne betale. Men er det sånn at eg kan få det ifra lånekassen? fordi det er jo ein sånn regel at dersom ein tener meir enn så og så masse så blir mindre av lånet gjort om til stipend, gjelder det for scholarship også? Er det slik at siden eg får scholarship så får eg mindre stipend fra norge? Og eg har også lyst til å ta en batchleor i psykologi men eg har hørt at den er vanskelig å godkjenne. Eg vil ikkje bli psykolog i norge så det går fint dersom eg ikkje får jobbe som det, men er det slik at eg ikkje får lån og stipend dersom utdanninga ikkje kan godkjennast?
Svar
Hei,
Takk for spørsmål.
Det er ei grense for kor mykje du kan tjene og fortsatt ha rett til omgjering i frå lån til stipend. Scholarships i utlandet pleier ikkje å reknast med her, sidan dei primært går til å redusere skulepengane du skal betale. I staden reduserar Lånekassen stønad du kan få til å dekke skulepengar tilsvarande det du får i scholarship frå lærestaden.
Dersom du er usikker på om utdanninga di kan bli støtta av Lånekassen, så kan du sende ein melding i frå Dine sider og be om ei forhandsvurdering.
Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.
Besvart: 12.9.2024
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål