Spørsmål og svar

Korleis kan det kjennast meir ut som ein kjæraste?

Gutt, 17

Eg kom nettopp inn i eit forhold for èin veke tid siden. Men eg føle ikkje at me e sammen. Me er kjærester men på samme måte så virke det ikkje sånt. Me henger på fritiden osv men på skolen så tørr me ikkje å snakke. Ja det e tidelig i forholdet men berre litt snodig.

Svar

Hei! Eg forstår kjempegodt at det kjennest snodig at de ikke pratar saman på skulen, og at det er som om de ikkje er saman.

Når ein går inn i eit forhold, har ein ulike forventningar til kva det forholdet skal innebere. God kommunikasjon er derfor heilt essensielt for at forholdet skal vere bra for begge to. Du skal jo ikkje måtte gå rundt å kjenne deg avgrensa, eller som at du ikkje er i eit forhold.

Snakk med kjærasten din om korleis de begge vil at det skal vere mellom dykk, og kva de kan gjere for å få det slik. Tykkjer kjærasten din at det er flaut å snakke saman på skulen? Kanskje de i så fall kan byrje med helsing, og deretter ha små samtaler. Kanskje de treng å bli betre kjend med kvarandre sine venner? Kanskje d ekan ta følge til eller frå skulen?

Det viktigaste er som nemnt å få i gong ein samtale om kva de vil, begge to. Deretter kan de vere kjæraster på dykkar premiss.

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 15.1.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål