Ka kan eg skrive om søstrene mine i min egen konfirmasjonstale?
Jente, 15
ka kan eg skrive om søstrene mine i min egen konfirmasjon tale?
Svar
Hei!
Takk for at du spør oss om dette!
Du kan gjerne takke dei for noko du set pris på ved dei. Kanskje du også kan nevne nokre minner dokker har, som også fortel noko fint om korleis dei er som menneske? Ikkje ver redd for å bruke humor heller, det kan vere eit godt grep i en tale. Hugs at det ikkje treng å vere velformulert eller høytideleg, om det er ekte og ærleg er det ofte det finaste!
Hugs at ein konfirmasjonstale ikkje treng å vere så lang, så du kan gjerne halde det kort.
Eg anbefaler deg å berre begynne å skrive! Eit forslag til ei øving du kan gjere for å kome i gang, er å sette på ein tidtaker på for eksempel fem minutt, og skrive i ett i dei fem minuttane. Skriv utan å tenkje, utan å stoppe opp, og utan at det skal vere bra. Det er ein god start for å få tankane i gang, og kanskje dukkar det opp eit poeng eller to som du vil bruke i talen din.
Lukke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 1.5.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål