Spørsmål og svar

Må holde tale, er veldig usikker på kva eg kan sei

Jente, 16

Hei eg fekk bekjed at forsterfamile min st eg må holde tale på 60 års dagen til forstermoro mi eg er veldig usiker på kva eg kan sei, tenke og holde èin kort tale fordi eg er ikkje trygg på og holde tale så veldig masse

Svar

Hei!

Så fint at du skal halde ein tale på 60 års-dagen til forstermora di! Og så kult at du skal gjere det sjølv om du ikkje kjenner deg heilt trygg på det!

Å halde ein kort tale er uansett ein god idé, for det kan vere akkurat like fint og treffande som ein lang!

For å kome i gang kan du sette deg ned og berre skrive ned alt du kjem på, utan å "sensurere" deg sjølv. Ikkje tenk at det må vere bra, berre skriv! Når du har gjort det, kan du byrje å plukke ut det du liker.

Eit forslag til korleis du kan strukturere talen:

  • Du kan for eksempel byrje med å seie at du ønsker å seie nokre ord på dagen hennar.
  • Du kan trekke fram nokre egenskapar med fostermora di som du set pris på, og så fortelje om nokre minner. For eksempel: "Du har alltid vore veldig omsorgsfull, sånn som den gongen..."
  • Trekk gjerne inn litt humor også!
  • Hald det personleg og ekte. Du treng ikkje bruke nokre fine ord, bruk ditt eige språk!
  • Du kan for eksempel avslutte med å takke for at ho er der for deg, og ønskje ho gratulerer med dagen.

Og så eit par tips til når du skal halde talen:

  • Plant beina godt i bakken.
  • Øv deg på å snakke tydeleg og høgt. Trikset er å bruke magen: Når du øver, kan du gjerne legge ei hand på magen for å kjenne at du bruker magemusklane for å sende ut lufta.
  • Om du er nervøs, pust djupt ned i magen<3


Lukke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 6.10.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål