Kvifor er psykolog så dyrt? Har høyrt om lange ventelister. Treng hjelp
Gutt, 20
Hei, kvifor er psykolog så dyrt? Veit man kan bli henvist fra fastlege men er for masse styr føler eg. (har høyrt at det er lang ventetid) høres sikkert skikkeleg grinete ut no, men er ganske langt nede og har null motivasjon. vil helst ligge i sengen og bare sove, og vist eg vil ha hjelp med ein gang så kan eg stikke direkte til psykolog, men det koster ca 1150kr timen som er absurd føler eg, vil heller bruke penger på noe godt som gir meg litt lys lsm. Sitter på jobben og burde øve til fagprøven no, men igjen så har eg null motivasjon siden eg må skifte yrke rett etter den er tatt grunnet helse, føler meg som ein bortkastet resurs. Prøver å lese litt men orker ikkje / vil ikkje. fuck me. beklager for å kaste vekk tiden deres, trenger ikkje svare. hjelper bare å snakke litt ut.
Svar
Hei, gut på 20 år!
Takk for spørsmålet ditt. Du høyres ikkje grinete ut. Fint at du spør når du lurer!
Det er ikkje rart at ein kan miste litt "motet" når ein typisk høyrer mykje om kor lang ventetid det er og liknande. Det er nok ikkje alltid sanninga at det er så lang ventetid. Og det er absolutt veldig mye pengar å spare på å gå gjennom fastlegen. Det er ikkje meir "styr" enn at ein gir beskjed til fastlegen om at ein ikkje har det bra - fastlegen kan vere med å vurdere om det trengs ein henvisning til psykisk helsevern. Då vil ein enten få henvisning til eit DPS (ettersom du er over 18 år) eller til ein psykolog som har det ein kallar "driftstilskot" som gjer at det kostar det same som på DPS. Dersom ein ikkje får henvisning via fastlegen på denne måten så vil det koste mye å gå til privat psykolog som du seier. Fordelen er at det er lettare å komme til raskt der. Når det er sagt så er det ikkje så veldig lang ventetid dersom det blir vurdert at ein treng oppfølging i psykisk helsevern. Det er kanskje snakk om nokon månader - men det er kan vere verdt å vente på.
Samtidig så finns det enkelte andre gratis tilbud. Dette gjeld dersom du studerer og studiestaden din tilbyr gratis psykologhjelp. Dette kan du søke på på nettet. Ellers er det også gratis å gå til helsestasjon for ungdom der det mange stader er psykologar og i alle fall mange som er vant til å snakke med ungdom om det som er vanskelig. Det er også gratis å gå på f.eks KID-kurs (kurs i depresjonsmestring) eller andre kurs i kommunen. Dette kan du be om hjelp til hos din fastlege dersom du er usikker på korleis du går fram og om dette blir tilbudt i din kommune. Dersom du bur i ein av dei større byane i landet der dei tilbyr psykologutdanning så er det også mogleg å få gratis behandling på poliklinikken til universitetet. Dette vil du finne til dømes i Bergen eller Oslo. Der kan ein også henvise seg sjølv/ta kontakt.
Som du ser er det ulike tilbod. Det luraste er alltid å gå til fastlegen fyrst for å sjekke ut kva moglegheiter ein har. Fastlegen har best oversikt over kva som er tilgjengelig for deg akkurat der du bur.
Ønsker deg alt godt og masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 3.2.2020
Oppdatert: 3.2.2020
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
