Kordan bli forskar i mikrobiologi
Annet, 14
Hei, eg har veldig lyst å forske mikrobiologi i universitetet. Korleis kan eg gjere dette? Eg vil helst ha så mange detaljer som mogleg, takk. Eg veit eg må få doktorgrad, men korleis får mann det? Og når eg får doktorgrad, begynner eg berre med forskning? Må eg søkje for jobb? Eg har ikkje lyst å bli bioenginør, men eg kan jobbe med det for ei stund viss eg må. Eg vil berre bli forskar til slutt, men eg veit ikkje korleis eg skal. Takk på forhand.
Svar
Hei!
Takk for at du tek kontakt med oss.
Dette høyrest ut som ei spennande utdanning du vurderer! For å bli forskar må du starte med ein mastergrad, som tek fem år totalt (inkludert bachelor). Deretter kan du søkje på ei ph.d.-stilling, som tek om lag fire år å fullføre. Ph.d.-løpet avsluttast med ein disputas, der du forsvarar doktorgradsarbeidet ditt. Når du har oppnådd ein doktorgrad, kan du søkje på forskarstillingar.
Master i mikrobiologi
For å ta ein mastergrad i mikrobiologi kan du starte på eit masterprogram i biologi, der du spesialiserer deg i mikrobiologi dei to siste åra.
Eksempel på studium:
- Universitetet i Bergen: Tilbyr spesialisering i mikrobiologi dei to siste åra på masterprogrammet i biologi.
- Universitet i utlandet: Fleire universitet, til dømes i Stockholm og Helsinki, tilbyr mastergrad i mikrobiologi. For å vere kvalifisert, må du ha ein bachelorgrad i biologi. Du kan se ei oversikt her.
Bachelor i biologi
For å kvalifisere deg til masterutdanning, må du først ta ein bachelorgrad i biologi. Dette kan du gjere ved fleire universitet i Noreg, som:
- Universitetet i Bergen (UiB)
- Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
- Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
- Universitetet i Tromsø (UiT)
Du kan sjå ei fullstendig oversikt over tilboda her.
Opptakskrav
For å kome inn på bachelorprogrammet, må du ha generell studiekompetanse og realfag. Du må sjå på krava for opptak til kvart enkelt studie.  
Lukke til med vidare planlegging av utdanninga! Ta gjerne kontakt om du har fleire spørsmål.
Hvis det er mer du lurer på, kan du kontakte oss i Karriereveiledning.no på chat eller telefon. Det er gratis, og du er anonym når du kontakter oss
Med vennlig hilsen
Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no
Besvart: 15.11.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
