Kan eg bytte til ei klasse ned?
Jente, 15
Eg går i 9.klasse no og begynner i 10 til til høsten. Eg lurer på om eg kan bytte ned ein klasse om eg snakker med rektor og foreldra mine? Fordi eg ikkje har nokon venner i min klasse alle i klassen min hater meg og eg har kunn venner i klassen under meg og kvar gnag vi skal samarbeide med nokon endre eg opp med og samarbeide med læreren....... Vi hadde ein jente til i klassen, men ho flytta fordi ho ikkje likte seg på skulen vår. Kan eg bytte ned 1 klasse?
Svar
Hei!
Det er din rett å trivast og å kjenne deg trygg på skulen. Difor kan dine føresette sende ein søknad for deg, der dei ber om dette.
Eg vil også råde deg til å be om ei elevsamtale med kontaktlæraren din. Det er fint om dei vaksne der heime vil vere med deg på dette.
Då kan de drøfte kva som kan vere best for deg, i fall søknaden ikkje går igjennom.
Lykke til, og god sommar!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 11.6.2020
Oppdatert: 11.6.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
