Eg vil gjerne bli ung motivator men har sosial angst
Jente, 14
Hei! Vi har en mot skule, også kvart år så får ca 15 stk frå 9 klasse bli «ung motivator» så har eg skikkelig lyst til det!! Men eg har sosial angst å eit av krava er at vi må stå framfor folk å snakke! Eg har sakt at eg kanskje kan klare de på min gamle skule der eg kjenner folka, også er det ikkje så mange i klassa vi skal snakke forran, også hjelp de kanskje å ha nokon eg er trygg meg ilag med meg. Eg har så lyst! Men angsten ødelegger alt! Kva kan eg gjere?
Svar
Hei
Så flott at du har lyst til å prøva deg, sjølv om du har sosial angst! Blir òg veldig glad av å høyra at du trur du skal få det til. Eg skal gi deg nokre tips som du kan bruka, og håper at dei hjelper deg til å nå målet
For å bli tryggare på å snakka føre andre menneske, er det viktig å øva seg på det. Du kan til dømes finna noko du skal presentera for menneske. Så øver du deg! Hald foredraget føre hunden din eller kosebamsen din? Føre foreldre og søsken? Eller snakk med læraren og få lov til å øva deg i ei lita gruppe du er trygg på?
Det er heilt normalt å bli nervøs, og det å vera litt nervøs gjer at du blir litt meir skjerpt. Nokon gonger blir ein så nervøs at det går ut over framføringa, men det går mykje lettare viss du har øvd litt slik som eg skriv over.
Viss du kjenner at kroppen ikkje lenger gjer heilt som du ønsker, ta ein liten «time-out». Fortel gjerne at du er litt nervøs. Dette er ikkje noko nederlag, og det er garantert mange i klassen som kjenner seg godt igjen!
Veldig lurt òg å ha med ein som du er trygg på, slik at du i starten ikkje står der åleine, men har støtte!
Psykisk helsearbeider, ung.no
Besvart: 5.10.2020
Oppdatert: 5.10.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

