Spørsmål og svar

Liker ein gut som snakkar med fleire jenter, korleis vite om han liker meg

Jente, 14

Eg tror eg like ein gut, men eg vet ikkje om han like meg. Han snakkar med mange jenter på skulen, meg inkludert. Vi har snapstreak og han sender bilde av annsiktet og hjerte. Eh gjer samme tilbake. Eg vet at han sender sånn til flere. Og på skulen smilar han og sier hei, men han gjer det med fler. Vi får ofte øyekontakt men da går eg fordi eg e usikker. Kordan kan eg finne ut av om han like meg?

Svar

Hei

Eg skjønner at du synest det er vanskeleg når han snakkar med andre jenter og.

Du kan prøva å bli litt betre kjent med han, kanskje neste gong han seier hei til deg så kan du prøva å starta ein samtale og. Det verkar jo som han er interessert i deg, sidan dere snappar mykje og han sender hjarte.

Den beste måten å finna ut om han liker deg er å snakka med han om det. Du kan spørja om han liker nokon, og kven han liker. Eller viss du vil så kan du også fortelja at du liker han.

Viss han snakkar med fleire jenter og sender same melding til fleire er det kanskje ikkje så bra teikn, men det treng ikkje å bety at han ikkje liker deg.

Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 31.5.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål