Spørsmål og svar

Læraren sto og lo av alle som var lei seg for å få matte i muntlig!

Gutt, 16

Hei me skal ha muntlig eksamen i år, me fekk utdelt kva fag me skulle komme opp i. eg fekk det eg virkelig ikkje ville ha og det var matte. Læreren sto og lo av alle som var lei seg for at dei fekk matte. Eg synstest dette var ekkel oppførsel og var veldig umotivert. Eg lurer på om eg skal seie det direkte til læreren eller rektor? Kva skal eg seie?

Svar

Hei!

Ja, det var ikkje pent av læraren! Vi forstår godt kvifor dette kjendest umotiverande. Medkjensle, og ei forsikring om at dykk skal få hjelp, at munnleg matteeksamen ikkje er så vanskeleg som ein kan tru, og at alt går bra, hadde vore den rette reaksjonen frå læraren. Kanskje er det nettopp dette du kan forklare for læraren? Gjerne også for rektoren. 

Er dei god lærar/ein god leiar for skulen sin, vil begge verte glade for konstruktiv tilbakemelding. Kanskje du prøver å seie dette til læraren først – når du får rettleiing på oppgåva di til dømes. Og vil ikkje læraren høyre på deg, kan du stikke innom rektoren og be om ei samtale.

Lykke til!

 

Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no

Besvart: 15.4.2021

Oppdatert: 15.4.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål