Eg veit ikkje kva legning eg har.
Jente, 13
Eg veit ikkje Kva leging eg har, eg trudde eg likte jenter og gutter, men sjølv om det er litt rart liker eg best gutte ( homofile ) porno. Betyr det at eg tenner på gutter, eller er eg født i feil kropp ( lite sansynlig føler meg veldigt som ei jente). Eg veit ikkje Kva det betyr. Har dere nokon gode svar eller råd?
Svar
Hei!
Når ein kjem i puberteten skjer det mykje med kroppen, både på inn- og utsida av kroppen. Ein byrjer å bli forelska i og kåt på folk rundt ein. Hormonane raser rundt i kroppen og gjer at ein kan kjenne seg kåt stort sett heile tida. Nokre gonger forstår ein kvifor ein blir kåt, andre gonger virker det som om det berre skjer heilt av seg sjølv.
I byrjinga av puberteten kan det meste kjennast spennande. Ein kan kjenne seg tiltrukken av og bli kåt av alle kjønn. Nokre koser seg med dette og tenkjer ikke noko særleg over kven det er ein liker. Andre kan bli stressa og usikre over å ikkje heilt sikkert vite kva og kven ein er.
Løysinga på dette er å vere tolmodig. Etterkvart som du gjer deg fleire erfaringer med kjærleik og seksuelle tiltrekninger, vil det bli enklare for deg å forstå kven du er og kven det er du liker, blir forelska i og kåt på.
Blei ikkje dette svaret du ynskte deg, kan det være fint å snakke med nokon litt over tid. Ein fin stad å snakke, er helsestasjon for ungdom i kommunen din. Du kan også teste ut to chatter: iChatten og Sex og samfunn.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 9.2.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
