Spørsmål og svar

Frå musikklinja til medisin eller odontologi, kva kan eg gjere?

Jente, 16

Hei, eg går VG1 på musikklinja no, men har funne ut at eg mest sannsynlegvis vil studera medisin eller odontologi etter vgs, som betyr at eg ikkje kan ta alle realfaga på skulen i VG2 og VG3. eg kan ta R1-matte og fysikk 1 i VG2, men kan ikkje ta kjemi 1 og 2 på skulen. Derfor vurderar eg å ta opp dissa faga som privatist i mens eg går vg2 slik at eg kan søke med fyrstegangsvitnemålet. Men er framleis usikker på om dette er realistisk å gjere og om eg kan få gode karakterere både på privatisteksamen og på skulen generelt. Kva er lurest å gjere? Vil ikkje bruke fleire år etter vgs på å få høgt nok snitt til å søke med ordinær kvote.

Svar

Hei,

Det er bra du tenkjer gjennom dette tidleg - både med tanke på fagkrav og poeng.

For å kunne søkje medisin eller odontologi, må du ha:

  • R1-matematikk (eller S1 + S2)
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1 og kjemi 2

Sidan du går musikklinja, er det vanleg at det ikkje er plass til alle realfaga på skulen. Det du skisserer - å ta kjemi 1 og 2 som privatist medan du går VG2/VG3 - er i utgangspunktet mogleg.

Førstegangsvitnemål

Du kan framleis konkurrere i førstegangsvitnemålskvoten dersom:

  • du fullfører vidaregåande på normert tid
  • alle eksamenar (også privatistfag) er bestått før vitnemålet blir skrive ut
  • du tek ikkje fag om igjen eller forbetrar karakterar etter at vitnemålet er ferdig

Å ta nye fag som privatist undervegs i vidaregåenda bryt altså ikkje med reglane for førstegangsvitnemål.

Er det realistisk?

Det er her du bør vere ekstra realistisk og ærleg med deg sjølv:

  • Kjemi 1 og 2 er krevjande fag, særleg utan undervisning på skulen
  • Å kombinere musikklinje, R1, fysikk 1 og privatistkjemi kan gi svært høg arbeidsbelastning
  • Du treng gode karakterar, sidan snittet for medisin og odontologi er svært høgt

Mange klarer dette, men det krev:

  • svært god struktur og sjølvdisiplin
  • mykje eigenarbeid over lang tid
  • at du toler ein periode med lite fritid

Kva kan vere lurt å vurdere?

Før du bestemmer deg, kan det vere lurt å:

  • snakke med rådgivar på skulen om fagkombinasjonen og arbeidsmengda
  • vurdere om det er mogleg å byte utdanningsprogram viss medisin/odontologi er eit klart mål
  • tenkje gjennom om eitt ekstra år etter vgs faktisk kan vere meir berekraftig enn å presse alt inn samtidig

Fleire som søkjer medisin brukar fleier år på å bygge snitt, og det er heilt vanleg - sjølv om det ikkje er det du ønskjer no.

Oppsummert

Planen din er mogleg, og du kan framleis søkje med førstegangsvitnemål. Men det er krevjande, og det viktigaste er at du vel ei løysing du faktisk har overskot til å gjennomføre med svært gode resultat.

Du kan lese meir om det å utdanne seg innen medisin og odontologi på utdanning.no side nettsider.

Ta gjerne kontakt med oss i Karriereveiledning.no om det er noko meir du ønskjer å prate med oss om. Det er heilt anonymt og du kan kontakte oss på e-post, chat eller telefon.

Med vennlig hilsen

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 15.12.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål