Spørsmål og svar

Er det noen jobber ein ikkje kan utføre med diagnosen schizofreni?

Jente, 18

Er det noen jobber ein ikkje kan utføre med diagnosen schizofreni ? Kan ein bli busssjafør ?

Hei

Schizofreni er ein psykisk liding som påverkar korleis du tenkjer, føler og opplever verkelegheita.

Personar som har schizofreni lever heilt ulike liv.

Dermed er det ikkje diagnosen i seg sjølv som er avgjerande for kva du kan jobbe med.

Kva du kan eller ikkje kan jobbe med avheng mest av korleis du fungerer i dagleglivet.

Nokre opplever periodar med meir alvorlege symptom, etterfylgt av periodar med færre eller ingen symptom.

Mange lever godt med diagnosen, fullfører ei utdanning og er i arbeid, medan andre har stort behov for hjelp og mange innleggingar.

Nokre blir uføre. Nokre blir heilt friske.

Har du schizofreni, vil eg be deg snakke med behandlaren din og dei som kjenner deg om kva du kan bli, og kva du kan jobbe med.

Viss du lever med schizofreni og symptoma dine blir kontrollerte gjennom medisinar og terapi, aukar det sjansen din til å klare å vere i jobb.

Vennlig hilsen psykiatrisk sykepleier for ung.no

Besvart: 19.10.2026

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål