Kan jeg fortsatt få barn i fremtiden om jeg blir eggdonor?
Jente, 20
Hei, jeg har lest meg opp på eggdonasjon fordi de er noe jeg har lyst å gjøre når jeg blir gammel nok. Men jeg finner ikke et direkte svar på om jeg forsatt kan ha barn selv i fremtiden. Så kan jeg forsatt få barn selv viss jeg velger å donere egg?
Svar
Hei!
Så fint du har lyst til å hjelpe andre. Eggdonasjon påvirker ikke din egen evne til å få barn. Jeg vedlegger et utdrag fra helsenorge nedenfor om eggdonasjon. Om noe er uklart må du gjerne sende et oppfølgingsspørsmål.
Korleis går eggdonasjon føre seg?
Prosessen med eggdonasjon tek som regel 2–3 veker. Donor får hormonbehandling som gjer at det kan hentast ut eit tal egg, vanlegvis inntil 10–12. Egga blir henta ut ved eit lite medisinsk inngrep. Egga blir donerte til ei anna kvinne og befrukta med sæd frå kvinna sin partnar.
Du vil få informasjon og rettleiing så du kan tenkje gjennom alle sider av prosessen.
Før du blir godkjend som donor, vil klinikken kalle deg inn til ein samtale for å sikre at du fullt og heilt forstår kva ein eggdonasjon vil innebere. Du skal også ha ein samtale med helsepersonell med særleg kompetanse på psykososiale aspekt ved donasjon. Det vil bli teke prøvar for å utelukke overføring av eventuelle smittsame sjukdomar og gjort ultralydundersøking mv. for å vurdere egglageret ditt.
Eggdonasjon går føre seg på same måte som dei første delane av ei IVF-behandling (prøverøyrsbehandling):
- Hormonbehandling skjer i form av daglege injeksjonar for å auke talet på egg som kan hentast ut.
- Du må møte til ultralyd éin eller fleire gonger for å følgje med på utviklinga av egga.
- Éin eller to dagar før egguttaket tek du ei hormonsprøyte eller ein nasespray som set i gang eggløysinga.
- Når egga skal hentast ut, får du smertestillande, bedøving og eit lett roande middel. Egguttaket varer i omtrent ein halv time. Du kan oppleve smerter eller ubehag undervegs og etterpå. Du vil få smertestillande etter behov.
Mange opplever noko ubehag av hormonbehandlinga. Vanlege reaksjonar er humørforandringar, hetetokter, hovudverk og oppblåsen mage. Desse biverknadene er forbigåande og ufarlege.
Ved eggdonasjon gjev ein ei svakare hormonstimulering enn ved vanleg IVF-behandling. Likevel kan nokon reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og få overstimuleringssyndrom. Då kan det samle seg væske i magen som kan skape press mot lungene. I sjeldne alvorlege tilfelle kan dette krevje sjukehusinnlegging.
Det er ikkje slik at du tømmer eige egglager om du er eggdonor. Eggdonasjon påverkar ikkje din eigen fertilitet.
Håper svaret var oppklarende!
Mvh
Legen, ung.no
Besvart: 2.10.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål