Spørsmål og svar

Korleis bli lege – slik startar du ?

Gutt, 15

Eg vill bil Lege når eg er vaksen så eg lurar på kva eg må gjer f.eks på vidare gåande skulen?

Svar

Hei!

For å bli lege må du ta medisinstudiet på universitetet. Det første steget er at du fullfører vidaregåande med det som heiter studiekompetanse. Det vanlegaste er å gå studiespesialisering. Du treng ikkje velje helse- og oppvekstfag, men du må ha realfag som gir deg spesiell studiekompetanse: matematikk R1 eller S1+S2, fysikk 1 og kjemi 1 og 2. Desse faga treng du for å kunne søke på medisin.

Når du går på vidaregåande, er det viktig at du jobbar jamt og gjer så godt du kan, fordi karakterane dine avgjer om du kjem inn på medisinstudiet. Du kan også sjekke kva karakterar som har vore nødvendige før på nettsidene til Samordna opptak.

Mvh

Rådgiver og karriereveileder

Besvart: 8.12.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål