Ta R2 og Kjemi 2 som privatist?
Jente, 18
Hei, eg har tidlegare spurt om det er mogleg å ta R2 og kjemi 2 som privatist istade for å vere i timane og forstått det slik at det er mogleg, eg har også snakket med rådgjevar men forstår ikkje heilt korleis eg går fram med dette, slik eg forstår det så skal det vere mogleg, rådgjevaren min på skulen var ikkje særleg hjelpsom, men nå går eg slutter av vg2 og har lyst til å ta dem som privatist pågrunn av helseårarsaklrhe grunner.
Svar
Hei, ja det du har høyrt stemmer – du kan ta R2 og Kjemi 2 som privatist i staden for å vere i timane, også etter VG2. Det betyr at du ikkje får vanleg undervisning, men må lese sjølv og møte opp til eksamen.
Dersom du ikkje har skuletilhøyrigheit, kan du likevel ta faga som privatist. Då melder du deg opp til eksamen gjennom privatistweb via Utdanningsdirektoratet. Det er faste fristar, vanlegvis i september for hausten og i januar/februar for våren. Når du har meldt deg opp og betalt, får du beskjed om eksamensdato og kvar du skal møte.
Sidan du gjer dette på grunn av helse, kan du søkje om tilrettelegging, men då må du ha legeerklæring og sende søknad til privatistkontoret. Ein studierettleiar kan også hjelpe deg med å finne ut kva fag du manglar og korleis du bør legge opp løpet ditt vidare.
Det er viktig å vite at R2 og Kjemi 2 er ganske krevjande fag, så du må vere strukturert og jobbe jamt på eiga hand.
Lykke til!
Mvh
Rådgiver og karriereveileder
Besvart: 27.4.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
