Spørsmål og svar

Korleis kan eg kysse kjerasten?

Gutt, 13

Hei eg har fått meg kjæreste og hun vil kysse men eg veit ikkje kordan har deke nåken tips?

Svar

Hei!

Det er veldig mange på alderen din som aldri ha kysset før. -Når du skal kysse ein kjærast, så kjem det gjerne av seg sjølv, og er eigentleg ikkje noko å grue for. Viss du vil trene litt på førehand, kan du trene litt på din eigen arm/hand. Fukt leppene og kyss på armen og prøv evt. å stikke ut tungespissen og føle korleis det er . Du kan ha våte og avslappa lepper, eller stramme dei og kjenne forskjellen. Kyssing lærer ein som regel undervegs. Det heile startar gjerne med eit lite kyss på munnen for så å gradvis bli eit større kyss. Det er noko med å gå litt forsiktig fram. Meir intime kyssing og klining(tungekyss) handlar teknisk sett om å opne munnen litt meir når de kyssar, og så stikke tungespissen LITT forsiktig og søkande ut mot hans, og så litt meir viss du kjenner at den andre òg er med på det..

Vennleg helsing:

Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 19.2.2022

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål